Bladet Tysnes er lokalavis for Tysnes, utflytta tysnesingar og ferierande i kommunen. Med eit opplag på 2.118 er «Tysnes» den lokalavisa i Norge med høgast opplag i høve til folketalet. Avisa har to faste journaliststillingar og fem tilsette. «Tysnes» har papiravis kvar torsdag og publiserer dagleg på nett. Redaksjonen held til i trivelege lokale like ved Våge ferjekai i Tysnes.
Bladet Tysnes har for tida ledig fast stilling som journalist. Me leitar etter ein ambisiøs og allsidig journalist som saman med resten av staben kan vera med og løfta avisa vidare, både digitalt og på papir. Du må beherska å jobba på fleire plattformer, både papir, nett, sosiale medium og gjerne video. Du brenn for det gode biletet og er oppteken av fotojournalistikk.
Me jaktar deg som likar å vera ute i felten, og evnar å finna dei gode historiene. Som avis er me meir opptekne av å få fram gode historier og setja fokus på viktige tema enn å berre sjå på klikk og lesartal.
Kvalifikasjonar:
∙Journalistutdanning eller erfaring frå avis er ein fordel
∙Søkjarar utan relevant utdanning eller praksis får tilbod om START-kurs ved Institutt for journalistikk i Fredrikstad
Me tilbyr:
∙Gode moglegheiter til å påverka utviklinga av avisa
∙Stor takhøgde for nye idear/journalistiske prosjekt
∙Eit inspirerande arbeidsmiljø med gode faglege samtalar
∙Moglegheit for kurs og fagleg påfyll
Den som vert tilsett må bu på Tysnes, disponera bil.
Om Tysnes kommune:
Tysnes er Norge si 20. største øy med litt under 3.000 innbyggjarar. Kommunen har eit rikt lag- og organisasjonsliv, eigen festival og flott natur. Bergen sentrum er om lag ein time unna.
Kontaktinformasjon:
Helen Daae Frøyseth, redaktør og dagleg leiar, tlf: 482 20 992