NRK Vestland har ledig ein fast jobb som vj/fotograf. Dette er ein sjeldan sjanse til å bli med på ei stor satsing på visuell journalistikk.
PublisertSist oppdatert
Denne artikkelen er over to år gammel.
Informasjon om stillingen:
Stillingstype: Fast
Arbeidssted: Førde
Søknadsfrist: 15. september
Om arbeidsgjevar:
NRK skal styrke demokratiet, samle og engasjere alle som bor i Norge. Våre grunnleggende verdier er åpen, modig og troverdig. For å lykkes med det omfattende allmennkringkasteroppdraget vi har fått, trenger vi medarbeidere med forskjellig erfaring og bakgrunn.
Vil du jobbe sammen med oss for å skape godt og viktig innhold som treffer hele Norges befolkning?
NRK er omfattet av Offentlighetslovens bestemmelser om rett til innsyn i søkerlister. Søker må begrunne eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikke blir akseptert, vil søker varsles og eventuelt ha mulighet til å trekke sin søknad.
Du vil ha arbeidsstad i Førde, i nye og moderne lokale i Nynorskhuset.
Kontoret leverer nyheiter til lokale og nasjonale flater og lagar seriar til NRK TV, blant anna «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» og «Eg går på» og «Bli med heim» for NRK Super.
Det er eit tett samarbeid mellom nyheitsredaksjonen og riksmiljøet, og fotografane vil få moglegheit til å jobbe variert og i ulike format.
Arbeidsoppgåver
Produsere videoinnhald til nrk.no, nyheitssendingar på TV og NRK TV.
Levere direkteinnhald, reportasjar og stills frå felt.
Jobbe sjølvstendig som visuell historieforteljar.
Filme og redigere på dokumentarproduksjonar.
Gå live åleine når det er behov for det.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som er fotograf med journalistisk forteljarkompetanse. Du kan ta videoopptak med høg kvalitet, og du tek gode stillbilete. Du har allsidig teknisk kompetanse og kjennskap til redigering.
Du må vere fagleg oppdatert og ha interesse for å sette deg inn i nye digitale verktøy og utstyr.Vi ynskjer at du har høgskule- eller universitetsutdanning, men relevant erfaring kan kompensere for dette. Sikker språkføring i norsk, både munnleg og skriftleg, er nødvendig. Du må kunne skrive nynorsk, eller vere innstilt på å lære det.Du må ha førarkort klasse B.Du må rekne med å gå i turnus, og det ligg ein del reiseaktivitet til jobben.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som har energi og humør, som kan arbeide sjølvstendig og har eigne idéar. Du må ha gode samarbeidsevner og vere med på å løfte heile laget. Du må takle krevjande opptakssituasjoner og tidspress.
Vi tilbyr
NRK Vestland har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med god delingskultur.
Vi har kontor i Førde og Bergen, og lokalkontor i Odda, på Stord, på Nordfjordeid og i Sogndal. Du vil samarbeide med kollegaer i heile redaksjonen, og du får tett og god oppfølging og rom til å utvikle deg som journalist.
NRK i vest har ein undersøkande redaksjon, og i Førde og Bergen er det riksredaksjonar som blant anna lagar dokumentarar til NRK TV.
NRK er ikkje lønsleiande, men som journalist i NRK vil du få sjanse til å jobbe saman med og lære av nokon av dei beste i mediebransjen. NRK har privat AFP-ordning og konkurransedyktige pensjons- og forsikringsordningar.