Vil du bli reportasjeleiar/vaktsjef i Nynorsk pressekontor?
PublisertSist oppdatert
Denne artikkelen er over to år gammel.
Informasjon om stillinga:
Stillingstype: Fast
Arbeidssted: Oslo
Søknadsfrist: 15. mai
Om arbeidsgivar
Nynorsk pressekontor (NPK) er ei sjølveigande stifting som har som si fremste oppgåve å produsere og distribuere stoff på nynorsk til norske medium. Mottoet vårt er «Meir på nynorsk til fleire». Årleg sender vi ut om lag 25.000 artiklar til eit førtitals faste kundar i ulike delar av landet, og vi er operative mellom kl. 07.00 og 20.30 på kvardagar. NPK er finansiert dels av støtte frå Kulturdepartementet, dels av eigne kundeinntekter.
NPK samarbeider med Norsk Telegrambyrå (NTB) for å styrkje posisjonen sin som leverandør av nyheiter og redaksjonelle tenester. Medarbeidarane i NPK, for tida seks i talet, er formelt tilsette i NTB med dei rettar og plikter det fører med seg. NPK har felles lokale med NTB i Pressens Hus i Oslo. Samarbeidet mellom Stiftinga NPK og NTB er regulert i ein eigen samarbeidsavtale. Les meir om Nynorsk pressekontor (NPK)
Vi kan tilby ein spennande og utfordrande jobb lokalisert i Pressens Hus i Skippergata 24 i Oslo.
Ansvar og arbeidsoppgåver:
den daglege leiinga av redaksjonen, med ansvar for desking og omsetjing av saker frå NTBs produksjon
følgje dei løpande hendingsnyheitene
er stedfortreder for redaktør
Vi ynskjer ein reportasjeleiar som :
er god på å samarbeide og som kommuniserer godt også når det gjeld tilbakemeldingar på andre sine tekstar og innspel
er god til planlegge både på kort og litt lenger sikt
er stø på det pressetiske
er stø i nynorsk og glad i å skrive språket
er god på både å initiere og gjennomføre journalistiske prosjekt i ein liten, men effektiv redaksjon
Kontaktinformasjon:
Spørsmål om stillinga kan rettast til:
Jan Inge Fardal, redaktør og dagleg leiar, tlf: 913 10 274 / e-post:jani@npk.no
I tilfelle internt opprykk kan det bli ledig stilling som journalist.