STILLING LEDIG:

NRK Vestland søkjer journalist i Sogndal

Vil du lage nyheiter frå Vestland til heile landet?

Denne artikkelen er over to år gammel.

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Sogndal

Søknadsfrist: 22. mai

Om arbeidsgiver

NRK skal styrke demokratiet og samle og engasjere alle som bur i Noreg. Dei grunnleggande verdiane våre er å vere opne, modige og truverdige. For at vi skal lykkast med det omfattande oppdraget vi har fått som allmennkringkastar, treng vi medarbeidarar med forskjellig erfaring og bakgrunn.

Vil du jobbe saman med oss for å skape godt og viktig innhald som treffer alle som bur i landet vårt?

NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.

Er du på utkik etter fast jobb i NRK? Dette er ein sjeldan sjanse. NRK Vestland har ledig ein fast jobb som journalist i Sogndal.

Vi ser etter ein journalist som kan løfte saker frå Sogn til eit regionalt og nasjonalt publikum.

Korleis er arbeidsdagen hos oss?

Som journalist i Sogndal blir du ein del av ein stor redaksjon. NRK Vestland har kontor i Førde og Bergen, og lokalkontor i Odda, på Stord, på Nordfjordeid og i Sogndal.

Vi har i dag ein journalist i Sogndal, og du kan bli den andre. Du vil samarbeide med kollegaer i heile redaksjonen, og du får tett og god oppfølging og rom til å utvikle deg som journalist.

Du vil ha stor fridom til å finne eigne nyheitssaker. Arbeidsdagen i NRK Vestland er variert, med jobbing både til nett, radio og TV. Sakene du lagar får eit stort publikum. Vi er det distriktskontoret som leverer flest saker til NRK.no, Dagsnytt og Dagsrevyen.

Når det skjer store hendingar i Sogn, som ulukker og ras, vil du vere den som rykker ut og leverer bilete og gjer intervju.

Kva må du kunne for å jobbe hos oss?

Vi ser etter ein journalist som har erfaring frå nyheitsarbeid og som følgjer med på nyheiter.

Vi er spesielt opptekne av at sakene våre skal nå ut til dei som brukar oss minst, blant anna eit ungt publikum.

Dersom du skriv godt og engasjerande, vil fleire lese det du skriv. Det er ein fordel om du kan skrive nynorsk, eller er innstilt på å lære det.

Gode bilete er eit anna viktig verkemiddel for å nå breitt ut med sakene. Vi ynskjer deg som kan ta bilete eller som er interessert i å lære det. Du vil få opplæring i å filme og redigere.

Du må ha førarkort i jobben.

Kva kan vi tilby?

I NRK Vestland blir du ein del av eit inkluderande og godt arbeidsmiljø.

Redaksjonen har ei eiga ung-gruppe som går i spissen for å nå eit ungt publikum, og som er opptekne av å dele kunnskapane sine med resten av redaksjonen.

Vi satsar også på undersøkande journalistikk og har eigne journalistar som er med i ei gravegruppe.

NRK er ikkje lønsleiiande, men som journalist i NRK vil du få sjanse til å jobbe saman med og lære av nokon av dei beste i mediebransjen.

NRK har privat AFP-ordning og konkurransedyktige pensjons- og forsikringsordningar.

Kontaktinformasjon:

  • Dyveke Buanes, redaktør, tlf: + 47 971 44 624
  • Linda Olin Reite, redaksjonssjef, tlf: +47 975 00 907

SØK HER

Powered by Labrador CMS