STILLING LEDIG:

NRK Vestland søker journalist

Vil du løfte fram nyheiter frå Nordfjord til heile landet?

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Fast, heltid

Arbeidssted: Nordfjordeid

Søknadsfrist: 1. april

Stillinger: 1

Om arbeidsgiver:

NRK logo

NRK skal styrke demokratiet og samle og engasjere alle som bur i Noreg. Dei grunnleggande verdiane våre er å vere opne, modige og truverdige. For at vi skal lykkast med det omfattande oppdraget vi har fått som allmennkringkastar, treng vi medarbeidarar med forskjellig erfaring og bakgrunn.

Vil du jobbe saman med oss for å skape godt og viktig innhald som treffer alle som bur i landet vårt?

NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.

NRK Vestland har ledig ein fast jobb som journalist på Nordfjordeid. Du vil jobbe i ein variert region som strekkjer seg frå hav til bre med eit breitt næringsliv, eit sterkt kulturliv og eit reiseliv i vekst. Kvar sommar samlast tusenvis til musikkfestivalen Malakoff på Nordfjordeid.

Vi ser etter ein journalist som kan løfte saker frå Nordfjord til eit regionalt og nasjonalt publikum.

NRK Vestland har kontor i Førde og Bergen, og lokalkontor i Odda, på Stord, på Nordfjordeid og i Sogndal. Du vil samarbeide med kollegaer i heile redaksjonen, og du får tett og god oppfølging og rom til å utvikle deg som journalist. 

Arbeidsoppgåver

  • Du må vere oppteken av å lage saker som engasjerer og som blir valde av flest mogleg, spesielt eit ungt publikum. 
  • Du vil ha stor fridom til å finne eigne nyheitssaker. Arbeidsdagen i NRK Vestland er variert, med jobbing både til nett, radio og TV. 
  • Når det skjer store hendingar i Nordfjord, som ulukker og ras, vil du vere den som rykkjer ut og leverer bilete og gjer intervju.

Kvalifikasjonar

  • Vi ser etter ein journalist som har erfaring frå nyheitsarbeid og som følgjer med på nyheiter. 
  • Vi er spesielt opptekne av at sakene våre skal nå ut til dei som brukar oss minst, blant anna eit ungt publikum.
  • Dersom du skriv godt og engasjerande, vil fleire lese det du skriv. Det er ein fordel om du kan skrive nynorsk, eller er innstilt på å lære det.
  • Gode bilete og video er eit anna viktig verkemiddel for å nå breitt ut med sakene. Vi ynskjer deg som kan fortelje visuelle historier eller som er interessert i å lære det.
  • Du må ha førarkort i jobben.

Personlege eigenskapar

  • Vi ser etter deg som har energi og humør, som kan arbeide sjølvstendig og har eigne idéar.
  • Du må ha gode samarbeidsevner og vere med på å løfte heile laget. 

Vi tilbyr

I NRK Vestland blir du ein del av eit inkluderande og godt arbeidsmiljø. Vi leverer godt til alle riksflater, nrk.no, dagsnytt og dagsrevyen.

NRK i vest har ein undersøkande redaksjon, og i Førde og Bergen er det riksredaksjonar som blant anna lagar dokumentarar til NRK TV.

NRK er ikkje lønsleiande, men som journalist i NRK vil du få sjanse til å jobbe saman med og lære av nokon av dei beste i mediebransjen. 

NRK har privat AFP-ordning og konkurransedyktige pensjons- og forsikringsordningar.

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål? Ta kontakt med: 

SØK HER

Powered by Labrador CMS