STILLING LEDIG:

NRK forsidebilde kollasje

NRK Vest søker reportasje­leiar for undersøkande journalistikk

Denne artikkelen er over to år gammel.

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Stavanger

Søknadsfrist: 4. februar

Om arbeidsgiver:

NRK logo

NRK skal styrke demokratiet og samle og engasjere alle som bur i Noreg. Dei grunnleggande verdiane våre er å vere opne, modige og truverdige. For at vi skal lykkast med det omfattande oppdraget vi har fått som allmennkringkastar, treng vi medarbeidarar med forskjellig erfaring og bakgrunn.

Vil du jobbe saman med oss for å skape godt og viktig innhald som treffer alle som bur i landet vårt?

NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.

Om stillinga

I NRK Vest sin undersøkande redaksjon jobbar 20 dyktige medarbeidarar, i Stavanger, Bergen, Førde og på Nordfjordeid. Kvar einaste dag brenn dei for samfunnsoppdraget sitt; å grave fram og fortelje dei viktigaste historiene til eit stort publikum. 

No treng eit av dei mest spennande gravemiljøa i landet ein reportasjeleiar i Stavanger. Vil du vere med å utvikle journalistikken og coache undersøkande journalistar i Stavanger, resten av Vestlandet og NRK?

Undersøkande redaksjon i NRK Vest skal grave fram og avsløre store saker frå Vestlandet. Redaksjonen har også eit særleg ansvar i NRK for å lage fordjupande og undersøkande journalistikk innan klima og det grøne skiftet. I tillegg produserer redaksjonen dokumentarar for Brennpunkt. Redaksjonen samarbeider tett med nyheitsmiljøa i NRK Vestland og NRK Rogaland, og med undersøkande redaksjonar andre stader i landet. NRK satsar på datajournalistikk og har nyleg etablert ein desk med datajournalistisk spesialkompetanse i Bergen. 

Reportasjeleiaren i Stavanger er ein av tre reportasjeleiarar i redaksjonen, har personalansvar og er ein del av redaktøren si leiargruppe. Redaksjonen publiserer på alle NRK sine plattformar. Reportasjeleiaren er tett på journalistikken og har ansvaret for alle redaksjonelle val, forteljargrep og publisering av graveprosjekta.

Vi ser etter ein journalistisk sterk og etisk trygg reportasjeleiar med ei stor drivkraft for å sette dagsorden med undersøkande journalistikk. Du har god fagkunnskap om journalistisk metode og erfaring frå undersøkande journalistikk.

Du er god på å leie team slik at medarbeidarane presterer og journalistikken blir betre. Du deler kunnskap, samarbeider godt og skaper åpne og trygge relasjonar. 

Du er ein tydeleg leiar som ønsker å utvikle både deg sjølv og andre. Du er uredd, tåler motstand, finn løysingar og står støtt i beslutningar og krevande prosjekt. 

Vi tilbyr

  • Ein spennande leiarstilling i ei mediebedrift i endring og med eit viktig samfunnsoppdrag
  • Ein redaksjon med dyktige medarbeidarar og svært godt arbeidsmiljø
  • Eit stort leiarnettverk 
  • Høve til å vere med å forme NRK sin strategi
  • Løn etter avtale
  • AFP og svært gode pensjons- og forsikringsordningar 

Kontaktinformasjon

Nysgjerrig? Vil du vite litt meir? Ta gjerne kontakt for ein konfidensiell og uforpliktande samtale:

SØK HER

Powered by Labrador CMS