STILLING LEDIG:

NRK søker nyheitsjournalist til fast stilling

NRK Møre og Romsdal søkjer ein nyheitsjournalist til redaksjonen i Ålesund. Oppstart frå 1. januar 2022

Denne artikkelen er over to år gammel.

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Ålesund

Søknadsfrist: 10. oktober

Om arbeidsgiver

NRK skal styrke demokratiet og samle og engasjere alle som bur i Noreg. Dei grunnleggande verdiane våre er å vere opne, modige og truverdige. For at vi skal lykkast med det omfattande oppdraget vi har fått som allmennkringkastar, treng vi medarbeidarar med forskjellig erfaring og bakgrunn.

Vil du jobbe saman med oss for å skape godt og viktig innhald som treffer alle som bur i landet vårt?

NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.

Vi leitar etter ein kunnskapsrik og iderik journalist som er god på digital historieforteljing og kan levere innhald til alle plattformer.NRK Møre og Romsdal ønskjer å skape engasjerande og dagsordensetjande journalistikk som er tett på folk i dekningsområdet.

Arbeidsoppgåver

  • Løfte saker frå Møre og Romsdal til eit nasjonalt publikum
  • Jobbe sjølvstendig med saker frå idé til ferdig reportasje
  • Jobbe for at redaksjonen skal setje dagsorden
  • Levere til dei ulike plattformene i NRK, som er radio, TV, nett og sosiale medium
  • Arbeidet inneber turnus med kvelds-, morgon- og helgevakter

Kvalifikasjonar

  • God journalistisk teft og dokumentert evne til å jobba fram viktige eigensaker
  • Erfaring frå journalistisk arbeid i ein nyheitsredaksjon
  • Godt og trygt språk både munnleg og skriftleg. Nynorskkompetanse er ein fordel
  • Har god teknisk og digital forståing

Personlege eigenskapar

  • Nysgjerrig, ambisiøs og idérik
  • Like å jobbe i høgt tempo
  • Opptatt av å fortelje viktige historier frå Møre og Romsdal

Vi tilbyr

  • Jobb i nye og moderne lokale i sentrum av Ålesund
  • Ein arbeidskvardag med ambisiøse, dedikerte og hyggelege kollegaer
  • Eit spennande dekningsområde

Kontaktinformasjon

  • Charlotte Ervik, distriktsredaktør, tlf: 996 42 362
  • Kjell E Myklebust, redaksjonssjef, tlf: 970 90 780

SØK HER

Powered by Labrador CMS