NRK Møre og Romsdal søkjer journalist i fast stilling
NRK Møre og Romsdal søkjer ein digital nyheitsjournalist i fast stilling i Ålesund. Vi leiter etter ein nyheitsjeger som er god til å fortelje engasjerande historier gjennom tekst og visuelt innhald.
PublisertSist oppdatert
Denne artikkelen er over to år gammel.
Informasjon om stillinga:
Stillingstype: Fast
Arbeidsstad: Ålesund
Søknadsfrist: 13. november
Om arbeidsgjevar:
NRK skal styrke demokratiet og samle og engasjere alle som bur i Noreg. Dei grunnleggande verdiane våre er å vere opne, modige og truverdige. For at vi skal lykkast med det omfattande oppdraget vi har fått som allmennkringkastar, treng vi medarbeidarar med forskjellig erfaring og bakgrunn.
Vil du jobbe saman med oss for å skape godt og viktig innhald som treffer alle som bur i landet vårt?
NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.
Arbeidsoppgåver
Finne og formidle nyheitssaker og aktuelle historier på nett gjennom tekst, lyd og bilete
Lage engasjerande kvalitetsjournalistikk som set dagsorden
Kunne jobbe både raskt og med utdjupande journalistikk
Løfte lokale saker til eit rikspublikum
Arbeidet inneber turnus- og helgejobbing
Kvalifikasjonar
Erfaring og kunnskap om nyheitsjournalistikk på nett
Kunnskap om undersøkande journalistisk metode
Kompetanse på stillbilete og redigering
Gode samfunnskunnskapar
God etisk vurderingsevne
Du må kunne skrive både bokmål og nynorsk
Det er eit pluss om du har erfaring med arbeidsleiing
Førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
Du må kunne jobbe raskt og effektivt, også under press
Du har eit godt munnleg og skriftleg språk
Søkjaren må vere idèrik, nysgjerrig og kreativ
Du jobbar sjølvstendig, men likar også å jobbe i team
Vi tilbyr
Du får jobbe i ein ambisiøs nyheitsredaksjon i eit spennande dekningsområde
Du får høve til å løfte lokale saker til eit større publikum
NRK Møre og Romsdal held til i moderne lokale i hjertet av Ålesund.
Kontaktinformasjon:
Charlotte Ervik, distriktsredaktør, tlf: 996 42 362