VP søkjer journalist både til ei fast stilling og til eit vikariat. Ulike stillingsstorleikar kan diskuterast.
PublisertSist oppdatert
Denne artikkelen er over to år gammel.
Informasjon om stillingen:
Stillingstype: Fast / Midlertidig
Arbeidssted: Dalekvam
Søknadsfrist: 10. juni
Om arbeidsgiver:
Vaksdalposten AS gjev ut papiravis kvar torsdag, og presenterer nyheiter kvar dag på VP.no
Avisa har eit opplag på vel 2.000, og har ein dekningsgrad på vel 70 %. Redaksjonen består av fire tilsette og held til i sentrale lokale i Dale sentrum.
Vaksdalposten er ei avis som står sterkt i lokalmiljøet. VP dekkjer kommunane Vaksdal og Modalen, og er lokalisert på Dale — med kort veg til Bergen og Voss.
Me søkjer deg som er god til å fortelja historier med nye, digitale verkemiddel. I tillegg er du samfunnsengasjert, idérik og nysgjerrig. Du jobbar raskt og har stå på-innstilling. Du skriv god nynorsk, har eit breitt journalistisk interessefelt.
Vaksdalposten dekkjer alt, frå nyheiter og lokalpolitikk til sport, kultur og næringsliv. Som journalist i vår redaksjon vil du få moglegheit til å ta ein sentral og aktiv del i den spennande utviklinga av avisa. Det er fordel med lokalkunnskap og eit godt kontaktnett i området vårt.
Vaksdal er ein vakker kommune, sentralt plassert mellom Bergen og Voss. I vårt område kan ein kombinera bytilbod med fjordar, fjell og engasjerte lokalsamfunn med eit ope og inkluderande sinn.
Vi søkjer deg som:
Alltid er på leiting etter gode saker og veit korleis du finn og presenterer dei
Jobbar sjølvstendig, men vil trivast på VP sitt lag
Er trygg på sosiale medium og digitale forteljarteknikkar
Har journalistutdanning, eller annan bakgrunn som kan gjera deg til ein god journalist
Er språksikker og trygg på presseetikken
Bidreg til godt humør og eit inkluderande arbeidsmiljø
Har førarkort klasse B og tilgang på bil
Å jobbe i lokalavis krev at ein er allsidig, og me vil gjerne vite meir om dine sterke sider. Skriv i søknaden kva du likar aller best å jobbe med, og om du har spesialkompetanse på nokre område.
Vaksdalposten kan tilby:
Ein offensiv og utviklingsorientert redaksjon med god lokalkunnskap
Interessante arbeidskvardagar med stort rom for eigne idear
Vaksdalposten er ein del av Amedia-konsernet. Som tilsett hos oss blir du ein del av eit fagleg fellesskap som strekkjer seg landet rundt og som jobbar innsiktsbasert
Gode moglegheiter for kompetanseutvikling både innad i redaksjonen og i konsernet
I Amedia er det eit sterkt samhald, der ein hjelper kvarandre og spelar kvarandre gode
Hos oss får du jobbe med eit viktig samfunnsoppdrag, oppleve ein stor grad av fridom og eit sterkt samspel
Vaksdalposten søkjer både etter ein journalist til fast stilling, og i eit vikariat. Ulike stillingsprosentar kan vere aktuelle.
Som journalist i VP jobbar du i hovudsak måndag til fredag. Noko jobbing på kveldar og held må påreknast.
Vaksdalposten er ein del av Amedia, eit utviklingsorientert konsern som gjer at også små aviser kan utvikla seg og liggja i front i utviklinga. Gjennom Amedia-samarbeidet har VP fleire spennande prosjekt på gang som våre nye tilsette vil ta del i.