STILLING LEDIG:

Sunnhordland søker journalistar og sommarvikarar
Faste journalistar, sommarvikarar og tilkallingsvikarar!
Vil du vera med på å gjera Sunnhordland til ei betre avis? Me treng deg som er nysgjerrig, idérik og flink til å skriva og fotografera
Du elskar å finna saker som engasjerer, trivst med høgt tempo, er glad i å snakka med folk og likar å rykka ut på alle slags oppdrag. Me legg vekt på erfaring, utdanning og stå på-vilje. Hjå oss får du ansvar frå dag éin, og spanande og utfordrande oppgåver. Du blir ein del av, og er forventa å bidra aktivt til, eit ambisiøst, raust og fagleg sterkt arbeidsmiljø.
Du må rekna med å jobbe både kvelds- og helgevakter. Å ha førarkort er absolutt ein fordel.
Kontaktinformasjon:
Har du spørsmål om stillingane kan du kontakta:
- Marit Holm, ansvarleg redaktør, tlf: 951 53 605
- Kjetil Østrem, klubbleiar, tlf: 982 42 022
I tillegg til faste journalistar treng me sommarvikarar og tilkallingsvikarar. Spesifiser om du søkjer på fast stilling, eller vikariat/deltid.