STILLING LEDIG:

Landskap Midtbyen

Midtsiden AS søker journalistar til fast heiltid- og deltidsstilling

Vil du vera med på å gjera lokalavisa Midtsiden endå betre?

Denne artikkelen er over to år gammel.

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Fast

Omfang: Heltid/deltid

Arbeidssted: Os

Søknadsfrist: Snarest

Om arbeidsgiver:

Midtsiden logo

Sidan 2001 har Midtsiden.no publisert lokale nyhende på nett, tett på osingane og livet i bygda, med fyldige bildeseriar og videoar frå idretts- og kulturlivet, og raske rapportar frå viktige hendingar.Frå dag éin har mange av lesarane våre vore gode støttespelarar! Vi takkar for alle tips, bilde, ønske og meiningsytringar - eit engasjement som smittar!Midtsiden har kontor midt i Os sentrum, tett på mykje av det som skjer og med kort veg til krinsane i kommunen.

Midtsiden.no har vore i positiv vekst den siste tida, og har frå 2022 òg kvalifisert for produksjonstilskot (pressestøtte). Det gir rom for etterlengta utviding av redaksjonen.

Journalist, 100 % fast

Journalist, deltid*

*vi ser etter éin til to journalistar (avhengig av kven som søkjer) som anten er allsidige eller som spesialiserar seg innan politikk og/eller næringsliv.

For å søkja bør du vera ein som:

  • Har relevant erfaring og/eller utdanning
  • Skriv nynorsk
  • Evnar å jobba effektivt, men også til å setja deg godt inn i krevjande saker
  • Tar gode bilde, og gjerne også har erfaring med videoproduksjon
  • Er engasjert, med eigne idear og auge for interessante tema
  • Har førarkort og disponerer eige køyretøy
  • Det er òg ein fordel om du kjenner Os godt eller har erfaring frå lokalavis.

Legg ved nokre arbeidsprøvar og minst to referansar.

Søknadsfrist: Snarast

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål om stillinga? Ta kontakt med:

  • Kjetil Vasby Bruarøy, redaktør og dagleg leiar, tlf: 907 89 270

Send søknad til kjetil@midtsiden.no

Powered by Labrador CMS