Vil du leie og utvikle lokalavisa vår inn i framtida?
PublisertSist oppdatert
Informasjon om stillingen:
Stillingstype: Fast
Arbeidsstad: Aksdal
Søknadsfrist: 10. mai
Om arbeidsgjevar:
Tysvær Bygdeblad er ei sjølvstendig avis, har 5,2 årsverk og held til i moderne lokale i Aksdalsenteret. Avisa har eit opplag på 2248. Avisa er partipolitisk uavhengig.
Kommunen består av fleire levande bygder med eit rikt organisasjonsliv. Aksdal er kommunesenter òg eit sentralt knutepunkt for kollektivtransport, med gode bussamband til mellom anna Oslo, Bergen, Stavanger og Haugesund. Haugesund sentrum ligg berre 15 minuttar unna, medan Haugesund Lufthamn Karmøy er ein halvtimes køyretur frå Aksdal. Tysvær har fleire store næringsparkar og er ein kommune i vekst, med spennande næringsutvikling og attraktive arbeidsplasser.
Tysvær Bygdeblad er lokalavisa for om lag 12 000 innbyggarar i Tysvær kommune på Haugalandet i Rogaland. Avisa står sterkt i lokalsamfunnet, med solid økonomi, aukande opplag og god digital utvikling. Tysvær Bygdeblad kjem ut på papir kvar torsdag. Etter 18 år gir noverande redaktør seg. No søker me ein engasjert og trygg leiar som vil vidareutvikle avisa i ei tid med endring og nye moglegheiter.
Om stillinga
Som ansvarleg redaktør får du det overordna ansvaret for den journalistiske profilen og innhaldet. Saman med to journalistar skal du sikre at Tysvær Bygdeblad held fram som ei relevant, truverdig og viktig stemme i lokalsamfunnet.
Stillinga kombinerer strategisk leiing med aktiv deltaking i det redaksjonelle arbeidet.
Du vil mellom anna:
● utvikle det redaksjonelle produktet, særleg digitalt
● inspirere og vidareutvikle medarbeidarane i redaksjonen
● sikre god og uavhengig journalistikk med høg etisk standard
● bidra til å setje dagsorden i eit aktivt og engasjert lokalsamfunn
Ansvarsområde
● dagleg leiing av redaksjonen
● vidareutvikling av innhald og publiseringsformer
● styrke den digitale satsinga
● bidra til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
● vere ei synleg stemme og representant for avisa i lokalsamfunnet
● delta aktivt i journalistisk arbeid
Kven ser me etter?
Me søker ein redaktør som kombinerer fagleg tyngde med gode leiar-eigenskapar.
Du har:
● har solid journalistisk erfaring og god presseetisk forståing
● er ein trygg og samlande leiar som evner å motivere og utvikle andre
● har interesse for og forståing av medieøkonomi og digital utvikling
● arbeider strukturert og har god gjennomføringsevne
● skriv godt nynorsk – dette er hovudspråket i avisa
Vi tilbyr
● ei sentral leiarstilling i ei veldriven lokalavis, engasjerte medarbeidarar og konkurransedyktige vilkår
Kontaktinformasjon
For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med: