STILLING LEDIG:

Sunnhordland søker ny sjefredaktør

Sunnhordland søker ny sjefredaktør

Denne artikkelen er over to år gammel.

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Fast, heltid

Arbeidssted: Stord

Søknadsfrist: 11. februar

Om arbeidsgiver:

Sunnhordland logo

Sunnhordland har ein sterk posisjon i ein spennande region. Me har hatt ei positiv utvikling dei siste åra, med solid auke av lesarar og abonnentar. Målet vårt er å gje lesarane våre den aller beste nyheitdsdekninga dei kan få på nett om sitt eige lokalsamfunn. Sunnhordland er eigd av Polaris-konsernet, held til på Stord og har nyoppussa lokale midt i Leirvik sentrum. Redaksjonen består av 10 personar.

Om Polaris Media Vest:

Polaris Media Vest består av ti lokale mediehus på Vestlandet: Sunnhordland, Bømlo-Nytt, Marsteinen, Stord24, Vestnytt, Askøyværingen, Strilen, Bygdanytt, Øyposten og Randaberg 24. Mediehusene er eid av Polaris Media eller i sameierskap mellom Polaris Media og Schibsted. Det samlede opplaget er på ca. 35 000 abonnenter. Polaris Media Vest har til sammen 75 ansatte. 

Målet vårt er å oppdatera og engasjera folk med god og relevant journalistikk om og frå Stord og Sunnhordland, kvar einaste dag. No ser me etter deg som vil vera med på å forma framtida for avisa og videreutvikla den digitale journalistikken.

Som leiar trivst du med å engasjera medarbeidarane. Du har eit strategisk redaksjonelt hovud, har vilje til endring, er trygg på presseetikken og har godt humør. Du forstår samfunnsoppdraget til lokalavisene og har publisistisk erfaring. Konkurransen om folk si tid og merksemd er stor, så du sørger for å ha god innsikt i kva type innhald som skaper engasjement hos lesarane. Du blir inspirert av ny teknologi og er nysgjerrig på korleis nyskaping kan koma lesarane til gode, du er ambisiøs og likar å jobbe mot konkrete mål.

Som ansvarleg redaktør for Sunnhordland blir du ein del av leiargruppa til regiondirektøren i den nyleg utvida Polaris Media Vest. Du får sjansen til å vera med på å bygga den nye regionen og samarbeida på tvers, til nytte for fleire av mediehusa i regionen. Hos oss får du spela ei viktig rolle i kvardagen til folk, saman med motiverte og dyktige journalistar i eit ambisiøst, raust og inkluderande arbeidsmiljø.

Redaktøren rapporterer til styreleiar i Sunnhordland.

Arbeidsstad: Stord

Søknadsfrist: 11. februar 2024

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål om stillinga? Ta kontakt med:

 

SØK HER

Powered by Labrador CMS