Sunnhordland har halde til i Leirvik på Stord sidan 1902. I 2021 tok mediekonsernet Polaris Media over aksjemajoriteten i mediehuset. Redaksjonen er lokalisert i nyoppussa lokale i Borggata, midt i sentrum. Redaksjonen består av ti årsverk. I Sunnhordland blir du ein del av ein samansveisa, ambisiøs og digitalt skrudd gjeng. Jakta på nyhende er kontinuerleg, samstundes som ein har spelerom til å jobba med meir omfattande saker.
Mediehuset Sunnhordland aukar opplaget og trappar opp den digitale satsinga. Me søker ein kollega som skal bidra til at Sunnhordland vinn nyheitskampen. Som frontsjef har du hovudansvar for å få ut kjappe nyheiter på Sunnhordland.no. I tillegg er du med og planlegg i det lange løpet gjennom publiseringsplanlegging. Som frontsjef vil du produsera eigne saker og nyheitsmeldingar, i tillegg til å redigera andre sine. Du blir ein del av – og er forventa å bidra aktivt til – eit ambisiøst og raust arbeidsmiljø.
Me ser etter deg som har:
Erfaring frå journalistikk
Blir motivert av innsiktsverktøy
Ivrar for at journalistikk skal nå ut til så mange som mogleg
Er trygg på presseetikken
Er stødig i språk, og særleg i nynorsk
Har teft for gode saker og vinklingar, og elskar å jobba der pulsen slår
Som frontsjef blir du den digitale spydspissen i Sunnhordland. Du går inn i redaksjonsleiinga og jobbar tett med nyheitsleiar og redaktør.