STILLING LEDIG:

Bilde av flere telefoner med NRK innhold

NRK søkjer redaktør for undersøkande redaksjon

Denne artikkelen er over to år gammel.

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Bergen

Søknadsfrist: 21. januar 2024

Om arbeidsgiver:

NRK logo

NRK skal styrke demokratiet og samle og engasjere alle som bur i Noreg. Dei grunnleggande verdiane våre er å vere opne, modige og truverdige. For at vi skal lykkast med det omfattande oppdraget vi har fått som allmennkringkastar, treng vi medarbeidarar med forskjellig erfaring og bakgrunn.

Vil du jobbe saman med oss for å skape godt og viktig innhald som treffer alle som bur i landet vårt?

NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden

Gruppebilde av ansatte i naturen

I NRK Vest sin undersøkande redaksjon jobbar 20 dyktige medarbeidarar, i Stavanger, Bergen, Førde og på Nordfjordeid. Kvar einaste dag brenn dei for samfunnsoppdraget sitt; å grave fram og fortelje dei viktigaste historiene til eit stort publikum.

No treng eit av dei mest spennande gravemiljøa i landet ein redaktør. Vil du vere med å forme den undersøkande journalistikken i NRK - og utvikle denne ambisiøse redaksjonen vidare inn i den digitale framtida?

Undersøkande redaksjon i NRK Vest skal grave fram og avsløre store saker frå Vestlandet. Redaksjonen har også eit særleg ansvar i NRK for å lage fordjupande og undersøkande journalistikk innan klima og det grøne skiftet. I tillegg produserer redaksjonen dokumentarar for Brennpunkt. Redaksjonen samarbeider tett med nyheitsmiljøa i NRK Vestland og NRK Rogaland, og med undersøkande redaksjonar andre stader i landet. NRK satsar på datajournalistikk og har nyleg etablert ein desk med datajournalistisk spesialkompetanse i Bergen.

Redaktøren har eit strategisk og fagleg ansvar for å utvikle heile breidden i dette oppdraget.

Redaktøren har elles personalansvar for tre reportasjeleiarar, har budsjettansvar for heile redaksjonen og er ein del av leiargruppa i regionen. Redaktøren vil også vere sentral i strategiske prosessar og redaksjonelle prioriteringar på tvers av NRK, i tillegg til å vere ein viktig samarbeidspartnar for Senter for undersøkende journalistikk, medieklynga og andre medieaktørar.

Vi ser etter ein sterk og tydeleg redaktør med klare tankar for korleis redaksjonen bør utvikle seg, og som har ei sterk drivkraft for å sette dagsorden med undersøkande journalistikk. 

Du er også:

  • strategisk god og likar å jobbe med dei store linjene, samtidig som du er tett på journalistikken
  • trygg på etiske, redaksjonelle og metodiske vurderingar, og kunne ta tøffe val.
  • ein inkluderande og samarbeidande leiar som er opptatt av at folk har det bra på jobb.
  • opptatt av å bygge gode relasjonar, og er open og ærleg.
  • god til å jobbe undre press og har stor arbeidskapasitet
  • strukturert og handlekraftig
  • glad i å tenke nytt og veit korleis vi skal nå eit publikum i stadig endring

Du har i tillegg god fagkunnskap og erfaring frå leiing av undersøkande journalistikk, og har relevant høgare utdanning.

Vi tilbyr

  • Svært spennande leiarstilling i ei mediebedrift i endring og med eit viktig samfunnsoppdrag
  • Ein redaksjon med dyktige medarbeidarar og svært godt arbeidsmiljø
  • Eit stort leiarnettverk
  • Høve til å vere med å forme NRK sin strategi
  • Løn etter avtale
  • AFP og svært gode pensjons- og forsikringsordningar

Kontaktinformasjon

Nysgjerrig? Vil du vite litt meir? Ta gjerne kontakt for ein konfidensiell og uforpliktande samtale.

  • Rune Møklebust, regionredaktør, tlf. 975 85 849

SØK HER

Powered by Labrador CMS