STILLING LEDIG:

NRK Møre og Romsdal søkjer nyheitssjef

NRK Møre og Romsdal søkjer ein ambisiøs leiar som kan bidra til å drive nyheitsarbeidet i redaksjonen framover

Denne artikkelen er over to år gammel.

Informasjon om stillinga:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Ålesund

Søknadsfrist: 1. oktober

Om arbeidsgiver

NRK skal styrke demokratiet, samle og engasjere alle som bor i Norge. Våre grunnleggende verdier er åpen, modig og troverdig. For å lykkes med det omfattende allmennkringkaster-oppdraget vi har fått, trenger vi medarbeidere med forskjellig erfaring og bakgrunn.

Vil du jobbe sammen med oss for å skape godt og viktig innhold som treffer hele Norges befolkning?

NRK er omfattet av Offentlighetslovens bestemmelser om rett til innsyn i søkerlister. Søker må begrunne eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikke blir akseptert, vil søker varsles og eventuelt ha mulighet til å trekke sin søknad.

Du som søkjer brenn for at vi skal levere dei viktigaste nyheitene frå Møre og Romsdal til heile landet. Nett og mobil er prioriterte nyheitsplattformer, og som nyheitssjef har du ansvaret for desse, i tillegg til innhaldsproduksjon for radio og tv. Nyheitssjefen har ansvar for å følge opp arbeidet i redaksjonen i tråd med nyheitsstrategien i NRK.

Arbeidsoppgåver

Som nyheitssjef har du det daglege ansvaret for det journalistiske arbeidet i redaksjonen. Du overblikket over både hendingar, idearbeid og den fordjupande journalistikken, og du bidrar til å utvikle medarbeidarane slik at vi i lag kan nå dei måla vi har sett oss.

Kvalifikasjonar

Vi leiter etter deg som er ambisiøs og fagleg sterk på nyheiter, som kan inspirerer medarbeidarane og legge til rette for at redaksjonen stadig utviklar seg.

Du har solid journalistisk erfaring og brenn for å lage dagsordensetjande journalistikk. Du er ein tydeleg leiar som legg vekt på godt samarbeid. Du er presis og kjapp på breaking news og opptatt av etikk. Du er flink til å bidra til ideutvikling og nye forteljarmåtar.

Som erfaren nyheitsjournalist har du god kjennskap til presseetikk. Du har eit godt og sikkert språk både skriftleg og muntleg, gjerne både på bokmål og nynorsk.

Nyheitssjefen har personalansvar og inngår i distriktsredaktøren si leiargruppe.

Vi tilbyr

Ein variert jobb i eit spennade dekningsområde. Høve til å løfte lokale saker til eit nasjonalt nivå. Du får jobbe med ein engasjert gjeng i eit godt arbeidsmiljø.

NRK Møre og Romsdal held til i nye og moderne lokale rett ved Brosundet i hjertet av Ålesund.

Kontaktinformasjon

  • Charlotte Ervik, distriktsredaktør, tlf: 996 42 362

SØK HER

Powered by Labrador CMS