STILLING LEDIG:

gruppebilde ute

Hordaland søkjer ansvarleg redaktør og dagleg leiar

Informasjon om stillinga:

Stillingstype: Fast

Arbeidsstad: Voss

Søknadsfrist: 11. april

Om arbeidsgivar:

Hordaland logo

Hordaland vart etablert i 1883 og har sidan då opplyst og engasjert folk på Voss og i nabokommunane med innhald frå lokalmiljøet. Avisa har eit opplag på 7456 og har dei siste åra utvikla seg frå å vera ei tradisjonell papiravis til å bli eit moderne mediehus, midt i hjarta av Voss sentrum. Sidan mars 2024 har Amedia vore eigar av avisa, etter over 140 år med lokalt eigarskap.Amedia er landets største utgjevar av redaktørstyrte medium og er leiande på lokal avisutvikling. Dagleg når konsernet sine titlar meir enn to millionar lesarar gjennom deira 110 medium. Konsernet har 2.100 tilsette og omsette i 2023 for 4,1 milliardar krone

Om rekrutteringsbyrået:

FRAM logo

FRAM er spesialister på rekruttering av ledere og fagspesialister innen media, kommunikasjon, samfunnsliv. FRAM ble etablert i 2023 av Bård Idås og Ann Mari Nygjerde. Begge er erfarne rekrutteringsrådgivere med bakgrunn fra ledelse og journalistikk. I tillegg til komplette rekrutteringsprosesser, leverer FRAM rådgivningstjenester. Vi hjelper folk og organisasjoner som ønsker positiv endring FRAM.

Har du lyst til å verta leiar av ei lokalavis med eit viktig samfunnsoppdrag? Brenn du for lokaljournalistikk og ønskjer å forme framtida for eit moderne mediehus? Drøymer du om å bu og arbeida i ein region med spektakulære naturopplevingar og eit levande lokalsamfunn? Då kan du vera den leiaren Hordaland søkjer!

Hordaland dekkjer kommunane Voss, Ulvik og Vaksdal. Avisa dekkjer det som skjer løpande på nett og mobil og kjem ut to gonger i veka på papir. Samla har me over 18.000 lesarar dagleg på våre plattformer. Me har i det siste hatt god vekst digitalt og har ambisjonar om å styrkja oss ytterlegare her dei neste åra.

Me er ei nytenkjande avis med solide tradisjonar og har store ambisjonar. Me skal vera den viktigaste kjelda til nyhende for innbyggjarar på Voss og omland, og vera fyrstevalet for lesarane våre. Som redaktør og dagleg leiar får du det overordna ansvaret for redaksjonell leiing, drift og utvikling av avisa.

Kva ser me etter:

No søkjer me ein tydeleg og samlande leiar som kan ta avisa vidare. Me søkjer ein leiar som vert motivert av å setja dagsorden, engasjera lokalsamfunnet og levera journalistikk av høg kvalitet. Me ser etter ein inspirerande leiar med sterk samfunnsforståing. Du bør ha leiarambisjonar og redaksjonell leiarerfaring, men me er òg opne for journalistiske talent med sterke leiarevner. Du må stå støtt i presseetiske avgjerder. Det er sjølvsagt ein fordel om du bur eller vil busetja deg på Voss. Me skriv nynorsk, og du må kunne køyra bil. 

Kva tilbyr me:

Du vil få ei sentral rolle i eit sterkt redaksjonelt miljø, med støtte frå Amedia og tilgang på gode ressursar frå deira fagmiljø. Me er ein redaksjon med dyktige journalistar, og du vil få høve til å vidareutvikla redaksjonen i eit godt arbeidsmiljø, gjennom eit viktig journalistisk produkt. Hordaland held til på Voss som er ei av dei mest innovative bygdene i landet. Voss ligg sentralt til i tidlegare Hordaland fylke, med jernbanesamband til Bergen og Oslo. Lokalsamfunnet står sterkt og er i vekst. For dei vel 16.000 innbyggjarane er Hordaland ei viktig kjelde til nyhende og debatt, og som ansvarleg redaktør og dagleg leiar vil du spela ei nøkkelrolle i å vidareutvikla avisa sin posisjon.

Hordaland er eigd av Amedia, som er sertifisert av Great Place To Work. Sertifiseringa stadfestar og er eit bevis på at våre medarbeidarar opplever organisasjonen som ein god stad å jobba. Les meir om korleis det er å jobba i Amedia og våre aviser, på karrieresidene på Amedia.no og fylg oss på LinkedIn.

 Kontaktinformasjon

Er du klar for utfordringa? Ta kontakt med våre rekrutteringspartnarar i FRAM. Du kan òg kontakta styreleiar Svein Atle Huus svein.huus@amedia.no eller klubbleiar Ørjan Brattetveit, obr@avisa-hordaland.no. Me ser fram til å høyra frå deg!

Powered by Labrador CMS