STILLING LEDIG:

Grenda søkjer redaktør

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Rosendal

Søknadsfrist: Snarest

Om arbeidsgiver:

Grenda logo

Grenda har sju inspirerte medarbeidarar som ynskjer å laga den beste og viktigaste lokal-avisa i Kvinnherad. Kontoret vårt ligg i Rosendal, men arbeidsplassen er heile den vidstrekte kommunen vår. Grenda kjem ut dagleg på grenda.no og i papirform tysdag og torsdag.

Grenda har sju inspirerte medarbeidarar som ynskjer å laga den beste og viktigaste lokal-avisa i Kvinnherad. Kontoret vårt ligg i Rosendal, men arbeidsplassen er heile den vidstrekte kommunen vår. Grenda kjem ut dagleg på grenda.no og i papirform tysdag og torsdag.

Vil du bli vår neste redaktør?

Vår noverande redaktør går over i ny stilling i Kvinnherad kommune, og av den grunn søkjer Grenda hans erstattar. Grenda er i vekst, og vår nye redaktør vert ei viktig brikke for å utvikla avisa vidare.

Hos oss må dei fleste gjera det meste, og vi er på jakt etter ein skrivande redaktør med nyhendeteft, pågangsmot og evne til å jobba raskt og sjølvstendig.

Du skal leia eit lite, men fagleg svært dyktig redaksjonelt team. Hos oss er det kort veg frå idé til gjennomføring. Du har stor moglegheit til å påverka din eigen kvardag og forma din eigen jobb.

Vi ønskjer søkjarar med relevant utdanning og/eller praksis, men det er ikkje noko krav. Det du må ha er høg motivasjon, god formuleringsevne og evne til å inspirera andre. I tillegg må du vera samfunnsengasjert.

Kjennskap til dekningsområdet vårt er sjølvsagt ein stor fordel. Det er vaktturnus i helgar, og du må pårekna noko kveldsarbeid.

Kanskje du har nokre av desse eigenskapane?

  •  Er sjølvstendig, initiativrik og trivst med høgt tempo
  •  Nysgjerrig og likar å snakka med folk
  • Teft for kva som kan bli ein snakkis og ei god sak
  • Er språksikker i nynorsk, og kan formidla kompliserte ting på ein enkel måte
  • Erfaring innan journalistikk

Tenkjer du at dette høyrest spanande ut, men at du ikkje kan kryssa av for alle punkta ovanfor? Søk likevel!

Vi tilbyr:

  • Ein svært interessant og meiningsfull jobb
  • Varierte oppgåver i eit inspirerande miljø med mykje kunnskap og stort engasjement
  • Hyggjelege kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
  • Konkurransedyktige lønnsvilkår, inkludert pensjons- og forsikringsordningar
  •  Kontor i Rosendal, ei av dei vakraste bygdene i Norge

Kontaktinformasjon

For spørsmål ring:

  • Knut Førland, styreleiar, tlf.: 918 41 001
  • Morten Nygård, journalist, tlf. 971 13 075

Søknad sendast til Knut Førland, e-post: knut@kf-consulting.no

Søknadane vert behandla fortløpande. 

Powered by Labrador CMS