STILLING LEDIG:

Gruppebilde

Grannar søkjer ny redaktør

Informasjon om stillinga:

Stillingstype: Fast

Arbeidsstad: Etne

Søknadsfrist: 20. januar 2025

Om arbeidsgivar:

Grannar logo

Grannar er lokalavisa for kommunane Etne og Vindafjord. Avisa er konsernuavhengig med lokale eigarar. Avisa er redigert på nynorsk, ho har aktiv publisering digitalt og to utgåver i veka på papir. Kontoret er i Etne og opplagstalet er stabilt rundt 3500. Dekningsområdet er prega av eit aktivt landbruk, men også store og ekspansive industribedrifter med mykje lokalt eigarskap. Her er også stor aktivitet innan organisasjonsarbeid, idrett og kultur.

Grannar ønskjer ein redaktør som brenn for å lage journalistikk som betyr noko for lokalsamfunnet og lesarane. Den nye redaktøren skal leia ein kompetent redaksjon og spesielt styrka lokal-avisa i den digitale publiseringa, slik at Grannar også i framtida blir det føretrekte mediet forinformasjon i Vindafjord og Etne. 

Me ynskjer at du har:

  • Journalistfagleg kompetanse eller erfaring
  • Leiarerfaring og/eller gode leiareigenskaper
  •  Lokalkunnskap eller vilje og evne til å skaffa seg denne kunnskapen
  • Gode sosiale eigenskapar og vilje til å vera synleg lokalt

 Me tilbyr:

  • Konkurransedyktig løn
  •  God forsikringsordning og tenestepensjon
  • Ein fleksibel og variert arbeidsdag

Kontaktinformasjon

Nærare opplysningar om stillinga får du hos styreleiar:

Søknad sender du til styreleiar@grannar.no 

Har du tips om godekandidatar, høyrer me gjerne frå deg!

 

Powered by Labrador CMS