STILLING LEDIG:

Kvinnheringen søker journalist

Er du oppteken av nyhende og vil ha ein spennande og variert jobb?

Informasjon om stillinga:

Stillingstype: Fast

Arbeidsstad: Kvinnherad

Søknadsfrist: 22. mai

Om arbeidsgivar

Om arbeidsgivar

Kvinnheringen er den største lokalavisa i Kvinnherad, med eit opplag på rundt 4.415 (2. halvår 2020). Dei siste åra har vi vunne fleire prisar, og hatt ein solid digital vekst. Kvinnheringen er eigd av Amedia-konsernet, som eig aviser over heile landet.

Kvinnheringen er på jakt etter ein journalist til fast stilling!

Er du den vi leitar etter? Vi kan tilby ein spennande og variert arbeidskvardag saman med ein kjekk gjeng, der du får vera med på å informera og engasjera lesarane i Kvinnherad gjennom store og små nyhende frå lokalsamfunnet vårt.

Likar du å snakka med folk, og er oppteken av kva som skjer i samfunnet – ja, då kan denne jobben vera perfekt for deg!

Kanskje har du ein eller fleire av desse personlege eigenskapane?

  • Du bør ha relevant utdanning eller erfaring, men det er ikkje eit absolutt krav
  • Du likar å arbeida sjølvstendig og vera kreativ, men kan òg samarbeida med andre
  • Du likar å snakka med folk og få fram dei gode historiene
  • Du er oppteken av det som skjer rundt deg i lokalsamfunnet og ser verdien av god lokaljournalistikk
  • Du likar å skriva og fotografera

Vi kan tilby:

  • Eit svært godt arbeidsmiljø i ein digitalfokusert redaksjon i nye lokale på Husnes, i vakre Kvinnherad kommune
  • Ei viktig rolle i ei lokalavis som skal bety noko for folk
  • Variert og spennande arbeid, der du blir ein del av turnusen i redaksjonen
  • Mange gode kurs og utviklingsmogelegheiter i landets største lokal-aviskonsern
  • Eit nettverk av 900 journalistar i 81 lokalaviser som saman utviklar lokaljournalistikken
  • Løn etter avtale

Vi kan tilpassa arbeidsoppgåvene til din kunnskap, di erfaring og dine sterke sider, men vi legg vekt på digital kompetanse og relevant erfaring. Du må ha førarkort og disponera bil, og kunna skriva god nynorsk. I tillegg til å vera skrivande, vil du også ha video, direkteoppdateringar, strøyming og andre publiseringskanalar som arbeidsverktøy. Har du kompetanse på frontredigering, vil du òg få nytte av den. Vi forventar ikkje at du beherskar alt frå første dag, men du må vera open for å tenka og læra nytt.

Dersom dette verkar spennande, send oss ein søknad med CV og referanse, då vel!

Søknadsfrist er søndag 22. mai 2022.

Kontaktinformasjon:

Om du ønsker ein prat og litt meir informasjon, kontakt:

  • Håvard Røyrvik, fungerande dagleg leiar og redaktør, tlf: 970 25 582 / e-post: [email protected]
  • Du kan òg kontakta NJ-leiar og journalist Jonn Karl Sætre, tlf: 995 20 861 / e-post: [email protected]

Kvinnheringen er ei lokalavis eigd av Amedia, du kan lesa meir her om korleis det er å jobba i Amedia. (https://karriere.amedia.no/)

SØK HER

Powered by Labrador CMS