STILLING LEDIG:

Øyposten søkjer journalist i 100 prosent fast stilling

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Stavanger

Søknadsfrist: 28. mai

Om arbeidsgiver:

Øyposten er lokalavisa for Finnøy og Rennesøy. Øyposten er eigd av Schibsted og held til i romslige lokaler på Judaberg, sentrum på Finnøy. Avisa har eigen redaksjonsbil og har eit samarbeid med nettavisa Randaberg 24.

Finnøy og Rennesøy er leiande i landet på drivhusproduksjon av tomater og har også eit spennande næringsliv knytt til maritim sektor. Vakrare øygard finnast knapt, og det speglar seg att i hytteliv og reiseliv. For avveksling på fritida ligg sjølve Stavanger by ein halvtime unna med bil eller båt.

Vil du være med å utvikle vidare lokalavisa for Ryfylkeøyane? Me er i eit generasjonsskifte og har ambisjonar om å vekse på Finnøy og Rennesøy, to kommunedelar i Stavanger.

Som journalist i Øyposten får du ein unik muligheit til å praktisere journalistfaget i heile sin breidde og å løyse ansvarsfulle oppgåver i ei Schibsted-avis. Me vil vere to skrivande i full stilling, redaktøren og journalisten, som løpande på nett og ein gong i veka på papir rapporterer om kva som skjer og kva som opptek folk på øyane i Ryfylkebassenget.

Me ser etter ein journalist som er nysgjerrig, formulerer seg godt og som trivast med eit stort spekter av saker. Me tilbyr eit inkluderande arbeidsmiljø, stor tillit og støtte frå landets største medieselskap. Å kunne skrive nynorsk er ein fordel, men ikkje eit absolutt krav.

Kontaktinformasjon

SØK HER

Powered by Labrador CMS