STILLING LEDIG:

Fjordabladet AS søker journalist /redaksjonssjef

Denne artikkelen er over to år gammel.

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Nordfjordeid

Søknadsfrist: 30. april

Om arbeidsgiver:

Fjordabladet logo

Fjordabladet er mediehus for Stad og omegn – midt i Nordfjord. Vi har kontor på Nordfjordeid. Vi har om lag 3.100 abonnentar. Vi har seks tilsette, fem av dei i redaksjonen. Fjordabladet er dotterselskap av Sunnmørsposten AS og ein del av mediekonsernet Polaris Media ASA.

Sjeldan sjanse for rette vedkomande.

Journalist/redaksjonssjef i ei fast 100 % stilling.

Vedkomande må vere allsidig, og rekne med helg- og kveldsarbeid.

Vi søkjer etter deg som kan utvikle oss vidare digitalt.

Ønskte kvalifikasjonar:

  • Du er samfunnsinteressert.
  • Du kan arbeide sjølvstendig.
  • Du er strukturert, kreativ, effektiv og omgjengeleg.
  • Du kan skrive godt nynorsk og kunne filme og fotografere.
  • Du har førarkort klasse B.

Vi kan tilby:

  • Ein svært allsidig og interessant jobb, som du kan vere med å sette preg på sjølv.
  • Jobb i eit område med allsidig kulturliv og gode turmoglegheiter med kort veg til bre og fjord.
  • Godt teknisk streamingutstyr.
  • Du får kollegaer med erfaring.
  • Løn etter avtale.

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål om stillingen eller ønsker ytterligere informasjon, ta kontakt med:

  • Ingebjørg Nilsen Stokkenes, redaktør/dagleg leiar, tlf. 975 17 977 / e-post:

    ins@fjordabladet.no

SØK HER

Powered by Labrador CMS