STILLING LEDIG:
Fagforbundet søkjer informasjonsrådgivar
Denne artikkelen er over to år gammel.
Fagforbundet har ledig 100 % fast stilling som rådgivar på informasjonsavdelinga.
Informasjonsavdelinga har 15 medarbeidarar med ansvar for informasjon til medlemmer og tillitsvalde, materiellproduksjon, kampanjar, nettsider, sosiale media og mediearbeid. Vi har òg eige hustrykkeri.
No søker vi ein medarbeidar som kan ta på seg fleire ulike oppgåver på avdelinga. Vi søker ein kollega som har kommunikasjonsfagleg erfaring, men som også har eit sterkt samfunnsengasjement. Framfor alt er vi ute etter søkarar som har god politisk og organisatorisk forståing, og som likar å samarbeid
Arbeidsoppgåver
- Gi råd og bistå tillitsvalde med mediearbeid, nasjonalt og lokalt.
- Arbeid for å informere og synleggjera yrkesgruppene til Fagforbundet.
- Produsere innhald til nettsida, SoMe og tillitsvaldbladet Oss tillitsvalgte.
- Informasjonsarbeid knytt til tariffoppgjer og valkamp.
- Andre oppgåver på avdelinga
Kvalifikasjonar
- Utdanning eller erfaring frå journalistikk, organisjonsarbeid, kommunikasjons- eller samfunnsfag.
- Erfaring frå politisk eller organisatorisk arbeid.
- Erfaring frå, eller kunnskap om, arbeidarrørsla og faglegpolitisk arbeid.
- Erfaring frå tekstproduksjon og/eller arbeid med SoMe og nettsider.
Relevant dokumentasjon skal leggast ved søknaden i Webcruiter.
Personlege eigenskapar
- Evne til å uttrykke seg raskt og godt skriftleg.
- Gode samarbeidsevner.
- Sterkt samfunnsengasjement.
- Evne til å handtere varierte arbeidsoppgåver.
Vi tilbyr
- Eit godt og engasjert arbeidsmiljø.
- Utfordrande og viktige arbeidsoppgåver.
- Tilrettelegging for kompetanseutvikling.
- Gode velferdsordningar og fleksibel arbeidstid.
- Konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår.
Kontaktinformasjon
Har du nokon spørsmål? Ta gjerne kontakt med:
- Kjell-Erik Kallset, leiar , tlf. 952 28 158
- Geirmund Jor, nestleiar, tlf. 416 48 263