STILLING LEDIG:

Strilen by

Strilen søkjer journalist i fast, heil stilling

Denne artikkelen er over to år gammel.

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Fast, heltid

Arbeidssted: Knarvik

Søknadsfrist: 28. januar

Om arbeidsgiver

Polaris Media Vest består av 10 lokale mediehus på Vestlandet; Sunnhordland, Bømlo-Nytt, Marsteinen, Stord24, Vestnytt, Askøyværingen, Strilen, Bygdanytt, Øyposten og Randaberg 24. Mediehusene er eid av Polaris Media eller i sameierskap mellom Polaris Media og Schibsted. Det samlede opplaget er på ca. 35 000 abonnenter. Polaris Media Vest har til sammen 75 ansatte. 

Ein av våre journalistar går snart av med pensjon, og vi søkjer difor etter ein journalist til ledig fast, heiltidsstilling i redaksjonen vår.

Hos oss får du erfaring som er gull verdt, og ordna arbeidsforhold. Vi held til i moderne lokale i Knarvik, berre 25 minuttar unna Bergen sentrum med rutebåt eller 45 minuttar med buss.

Du må kunne jobbe sjølvstendig, tole å jobbe under tidspress og kunne levere tekst og bilete raskt. Kan du litt om video, og likar å filme og ta bilete med mobilen, er det ein stor fordel.

Vi har låge skuldrar og ambisiøse, digitale mål. Vi ser gjerne at du har nokre år bak deg som journalist. Viktigast er likevel vilje til å lære, og ein sterk driv for å lage god journalistikk.

Skriv du nynorsk, er det ein stor fordel. Kjenner du litt til geografien vi arbeider i, er det bra. Du må ha førarkort for bil. Du disponerer gjerne eigen bil, men det er ikkje eit krav.

Hos oss får du fridom under ansvar, og moglegheit til å jobbe med saker innan heile journalistikkens breidde.

Stillinga inneber per no turnus med flest dagvakter, men også nokre kvelds- og helgevakter.

I vår vesle klynge av lokalaviser finst Strilen (held til i Knarvik) og Bygdanytt (held til i Indre Arna). Avisene jobbar tett saman - også med søsteravisene våre Vestnytt og Askøyværingen - har fleire fellesfunksjonar og hjelper kvarandre ved behov.

Skriv kort om deg sjølv, legg ved CV og gjerne nokre døme på kva du har gjort før.

SØK HER

Powered by Labrador CMS