STILLING LEDIG:
Fagforbundet søker informasjonsrådgivar
Fagforbundet har ledig 100% fast stilling som rådgivar på informasjonsavdelinga. Stillinga er ledig frå 1. september 2022.
Denne artikkelen er over to år gammel.
Informasjonsavdelinga har 15 medarbeidarar med ansvar for informasjon til medlemmer og tillitsvalde, materiellproduksjon, kampanjar, nettsider, sosiale media og medierådgiving. Vi har òg eige hustrykkeri.
No søker vi ein medarbeidar som kan ta på seg mange ulike oppgåver på avdelinga. Vi søker ein kollega som har brei kommunikasjonsfagleg erfaring, men som også har eit sterkt samfunnsengasjement. Framfor alt er vi ute etter søkarar som har god politisk og organisatorisk forståing, og som likar å samarbeide.
Arbeidsoppgåver
- Produsere innhald til Oss tillitsvalgte, ulike trykksaker, nettsida og kanalane våre i sosiale media.
- Samarbeide med, og gi råd til, yrkesseksjonane for å synleggjera yrkesgruppene til Fagforbundet.
- Informasjonsarbeid knytt til tariffoppgjer og valkamp.
- Ta del i andre oppgåver på avdelinga.
Kvalifikasjonar
- Utdanning eller erfaring frå journalistikk, kommunikasjons- eller samfunnsfag.
- Erfaring frå politisk og organisatorisk arbeid
- Erfaring frå arbeid med sosiale media, blant anna med foto- og videoinnhald.
Relevant dokumentasjon skal leggjast ved søknaden i webcruiter.
Personlege eigenskapar
- Evne til å uttrykke seg raskt og godt skriftleg.
- Gode samarbeidsevner.
- Sterkt samfunnsengasjement.
- Evne til å handtere varierte arbeidsoppgåver.
Vi tilbyr
- Eit aktivt og stimulerande arbeidsmiljø prega av fleksibilitet og utvikling
- Moglegheit til å jobbe med utfordrande arbeidsoppgåver
- Tilrettelegging for kompetanseutvikling
- Eit godt arbeidsmiljø
- Gode velferdsordningar og fleksibel arbeidstid
- Konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår
Kontaktinformasjon:
- Kjell-Erik Kallset, kommunikasjonssjef, tlf: 952 28 158 / e-post: kjell-erik.kallset@fagforbundet.no
- Geirmund Jor, nestleiar, tlf: 416 48 263