Me aukar opplaget og trappar opp den digitale satsinga.
PublisertSist oppdatert
Denne artikkelen er over to år gammel.
Informasjon om stillinga:
Stillingstype: Fast
Arbeidsstad: Stord
Søknadsfrist: 9. november
Om arbeidsgiver
Mediehuset Sunnhordland har ein sterk posisjon i ein spanande region. Me har hatt ei positiv utvikling dei siste åra, med solid auke av lesarar og abonnentar. Me held til på Stord, og har lokaler i Leirvik sentrum.
No treng me deg som:
Elskar å jobba der pulsen slår, og brenn for å vera først og best på hendingar og dei viktigaste sakene
Er trygg på presseetikken
Er flink til å skaffa deg oversikt over nyheitsbiletet og spotta gode historier
Ivrar for at journalistikk skal nå ut til så mange som mogleg
Vert motivert av å bruka innsiktsverktøy, og kan kjenna ei oppriktig glede av å sjå lesarane kasta seg over ei godt vinkla sak
Som frontsjef vil du gå inn i ein turnus med kveld- og helgevakter. Du vil produsera eigne saker og nyheitsmeldingar, i tillegg til å redigera andre sine.
På dagvaktene vil du jobba som skrivande journalist. Du blir ein del av – og er forventa å bidra aktivt til – eit ambisiøst og raust arbeidsmiljø.
I tilfelle intern rekruttering jaktar me på nye journalistar. Nøl ikkje med å ta kontakt viss du vil vera med på å gjera Sunnhordland til ei endå betre avis.
Kontaktinformasjon
Nærare opplysningar om dei ledige stillingane kan du få hos: