STILLING LEDIG:
Firda søker journalist
Ledig stilling i knallgod lokalavis!
Denne artikkelen er over to år gammel.
Firda er nyleg kåra til årets lokale nyheitsnettstad og vi har også vunne pris for årets mediehus i Amedia. No har vi ledig ei fast stilling som journalist i eit ungt og entusiastisk arbeidsmiljø. Vi på jakt etter deg som er engasjert og nysgjerrig, med vilje til å stå på. Du er glad i å snakke med folk, har teft for nyheiter og ser dei gode vinklingane.
I Firda får du ein utfordrande kvardag, der du får jobbe med alle slags stoffområde. Vi lovar kjekke kollegaer som jobbar godt i lag for å gjere Firda til verdas viktigaste lokalavis i områda vi dekker. Vi har sterk vekst på mobil og nett. Difor ser vi etter journalistar som kan bidra til å styrke denne satsinga.
Du er førebudd på varierte arbeidsoppgåver, likar høgt tempo, jobbar sjølvstendig med eigne idear, skriv god nynorsk og har førarkort for bil. Du jobbar frå Førde.
Kontaktinformasjon
- Øystein Silde Frønsdal, nyheitsredaktør, tlf: 46898258 / e-post: oystein.fronsdal@firda.no
- Kai Aage Pedersen, ansvarlig redaktør, tlf: 970 55 202 / e-post: kai.aage.pedersen@firda.no