Har du lyst å bli journalist i Noregs vestlegaste by, Florø? Ein av våre journalistar melder snart overgang til NRK, og vi er i gang med å finne erstattaren hennar.
PublisertSist oppdatert
Denne artikkelen er over to år gammel.
Informasjon om stillingen:
Stillingstype: Fast
Arbeidssted: Florø
Søknadsfrist: 14. mars
Om arbeidsgiver
Firdaposten er den største kystavisa i Sogn og Fjordane. Med hovudredaksjon i Florø, er avisa største lokalavis for Flora og Bremanger kommunar, og vil snart ha den nye storkommunen Kinn som dekningsområde. Kvar dag når vi 8000 lesarar på digitale flater, og 10.700 les papirutgåvene våre. Vi er ni årsverk fordelt på redaksjon og marknad. Firdaposten er nynorskavis, og er heileigd av mediekonsernet Amedia.
Viss du trivest med høgt tempo, mykje latter og moro på jobb, kort veg frå idé til realisering, digitalt fokus og 2000 millimeter nedbør i året, så må du sende oss ein søknad fort som berre det.
I søknaden håpar vi det står at du er ein resar i nynorsk og at du kjenner kommunane Kinn og Bremanger ut og inn, og gjerne også at du er kvinne.
Firdaposten har hovudredaksjon i Florø, som er største by i storkommunen Kinn i Vestland fylke. Redaksjonen tel åtte personar, og no håpar vi du blir med på laget vårt.