STILLING LEDIG:

NRK søkjer kreativ digital journalist til vår nyheitssatsing

NRK Trøndelag søkjer etter ein nyheitsjournalist til Trondheim eller Steinkjer som er god til å fortelja engasjerande historier gjennom tekst og visuelt innhald til våre digitale satsingar. Me ønskjer deg med nyheitsteft som treff ungt og breitt.

Denne artikkelen er over to år gammel.

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Trondheim

Søknadsfrist: 19. desember

Om arbeidsgiver

NRK skal styrke demokratiet og samle og engasjere alle som bur i Noreg. Dei grunnleggande verdiane våre er å vere opne, modige og truverdige. For at vi skal lykkast med det omfattande oppdraget vi har fått som allmennkringkastar, treng vi medarbeidarar med forskjellig erfaring og bakgrunn.

Vil du jobbe saman med oss for å skape godt og viktig innhald som treffer alle som bur i landet vårt?

NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.

Arbeidsoppgåver

  • Me vil at du skal nytta brei digital kompetanse til å formidla nyheiter og aktuelle historier på nett, men også andre plattformer.
  • Oppdraget er å laga engasjerande kvalitetsjournalistikk frå kvardagen til folk, som set dagsorden og blir valt.
  • Det blir både hurtigjobbing med hendingar og meir langsiktig jobbing med utdjupande journalistikk
  • Arbeidet medfører turnus- og helgejobbing.

Kvalifikasjonar

Alle kan ikkje alt, men lista under viser noko av det som tel i vår vurdering:

  • Erfaring og kunnskap om nyheitsjournalistikk på nett
  • Kompetanse på stillbilder og bilderedigering
  • Kunnskap og evne til å formidla nyheiter til unge
  • God samfunnskunnskap
  • God etisk vurderingsevne
  • Førarkort kl. B

Personlege eigenskapar

  • Jobba raskt og effektivt, også under press
  • Eit godt munnleg og skriftleg språk
  • Iderik, nysgjerrig og kreativ
  • Evne til å jobba over tid med utdjupande journalistikk
  • Jobba godt sjølvstendig, men også lika å jobba i team

Me tilbyr

  • Du blir ein del av det største nyheitsmiljøet i NRK utanfor Marienlyst, der me lagar kvalitetsjournalistikkfrå heile landet til heile landet
  • Du blir tilsett i eit mediehus som kan tilby kompetanseheving og stadig nye utfordringar

Kontaktinformasjon:

  • Kristian Hovstad, faggruppeleiar nyheiter, tlf: 480 75 243
  • Merete Verstad, kompetansesjef, tlf: 480 74 179

SØK HER

Powered by Labrador CMS