STILLING LEDIG:
Sunnmørsposten søkjer debattjournalist
Vi styrker vår satsing på debatt og dialog, og søkjer etter debattjournalist i fast stilling.
Denne artikkelen er over to år gammel.
Som mediehus har vi eit særleg ansvar for å bidra til ein open og opplyst offentleg samtale, slik at ulike syn kan kome til uttrykk. Som debattjournalist i Sunnmørsposten vil du vere med på å utvikle samfunnsdebatten i ulike kanalar.
VI LEITAR ETTER DEG SOM:
- Ønskjer å skrive kommentarar og leie debattar
- Har god etisk vurderingsevne og solid samfunnskunnskap
- Brenn for å utvikle samfunnsdebatten, og få fram nye stemmer
- Har god kjennskap til sosiale medium, og evner å tenke nytt rundt presentasjon
- Er god til å samarbeide og kommunisere på ein tydeleg måte
- Har eit godt språk – og kan skrive og redigere effektivt på nynorsk og bokmål.
Journalistisk erfaring er ein fordel, men ikkje eit krav. Sunnmørsposten oppmodar personar med fleirkulturell kompetanse til å søkje.
VI KAN TILBY
- Interessante arbeidsoppgåver saman med dyktige folk
- Eit spennande fagleg miljø som også inkluderer satsing på levande bilde og podkast
- Tilgang til digitale løysingar, analyseverktøy, kompetanse og ressursar som vil leggje til rette for vekst og utvikling.
- Heilt nye lokale i sentrum av Ålesund, med utsikt over hamn, fjord og fjell
- Storslått natur! Du vil bu og arbeide i vakre omgjevnadar på Sunnmøre.
For meir informasjon, ta kontakt med vår rekrutteringspartnar HAMNØY AS:
- Rådgjevar Jan Tore Hamnøy, tlf. 411 02 200
- Rådgjevar Aase Marie Stølås Jørgensen, tlf. 454 72 665
Vis di interesse for stillinga ved å registrere din CV og søknad snarast. All kontakt blir behandla konfidensielt – også ovanfor oppdragsgjevar i innleiande fase dersom det er ønskeleg.
Søknadsfrist: 18. juni 2021 – søknadar blir vurdert fortløpande
Tiltreding: Etter nærmare avtale.