STILLING LEDIG:

Nyss søker redaktør og dagleg leiar

Nyss sin redaktør må ha hjarte for den gode og nære lokaljournalistikken, om saker som vedgår dei som bor i dekningsområdet, med eit tydleg medvit om mediehuset si samfunnsrolle.

Denne artikkelen er over to år gammel.

Informasjon om stillinga:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Sykkylven

Søknadsfrist: 4. juni

Om arbeidsgivar

Nyss er den nye lokalavisa for Stranda og Sykkylven etter at Sunnmøringen og Sykkylvsbladet vert slått saman frå 1.1.2021. Nettstaden nyss.no vil vere operativ frå same tidspunkt. Avisa vil ha eit opplag på om lag 3.500, og kjem ut kvar onsdag og fredag i dei to kommunane som totalt har 12.000 innbyggarar. Mediehuset Nyss AS har Sunnmørsposten AS som eigar, og er ein del av mediekonsernet Polaris Media ASA.

Sjølv skal redaktøren vere ein aktiv skrivande ressurs, men skal også bruke av si tid til å utvikle både medarbeidarar og mediehuset sitt lesartilbod.

Redaktøren er også dagleg leiar for mediehuset med personalansvar for heile staben, og rapporterer til styret.

Mediehuset Nyss er i ein tidleg fase av ein digital transformasjon, og den nye redaktøren får ansvaret for å vidareføre denne. Engasjement og interesse for digital innhaldsformidling vil bli vektlagd. Kjennskap til dekningsområdet vil også vere ein stor fordel.

Mediehuset Nyss AS er heileigd av Sunnmørsposten AS, og er ein del av Polaris Media ASA. Avis og nettstad vert redigert på nynorsk.

Stranda og Sykkylven byr på storslått natur med nokre av landets finaste naturperler, delar av området er på UNESCOs verdsarvliste. Tilbod innan kultur- og friluftsliv er omfattande, med fjell og fjord, og med to skisentra i nærområdet. Det er kort avstand til Ålesund og til kjøpesentra.

Kontaktinformasjon

Søknadsfrist: 4. juni

CV og søknad sendast til lidvar.flydal@smp.no

Powered by Labrador CMS