Avisa Nordhordland søkjer ansvarleg redaktør og dagleg leiar
No søkjer vi ny leiar for eit slagkraftig lokalt mediehus i Knarvik som leverer nyheiter og anna lokalt innhald til heile Nordhordland døgnet rundt, sju dagar i veka. Er dette noko for deg?
PublisertSist oppdatert
Denne artikkelen er over to år gammel.
Informasjon om stillingen:
Stillingstype: Fast
Arbeidssted: Isdalstø
Søknadsfrist: Snarest
Om arbeidsgiver
Avisa Nordhordland vart etablert i 1974 og er eigd av Amediastiftelsen. Vi er åtte tilsette, derav fem i redaksjonen, og held til i nye og trivelege lokale sentralt plassert i Knarvik senter. Vårt primære dekningsområde er kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Masfjorden og Gulen. Nettavisa nordhordland.no blir oppdatert kontinuerleg, medan papiravisa kjem ut onsdag og laurdag. Avisa Nordhordaland er en del av Amedia.
Om du har nokre års redaksjonell erfaring, aller helst leiarerfaring, og har lyst å vere leiar for ei lokalavis i vekst, bør du lese vidare. Avisa Nordhordland har ein sterk posisjon i ein spennande region og har store ambisjonar om vidare vekst. Avisa har dyktige folk i redaksjonen og salsavdelinga som kvar dag gjer sitt beste for å gi lesarar og annonsørar eit best mogleg produkt, både digitalt og på papir. No ser vi etter ein tydeleg lokalavisredaktør som står støtt i redaksjonelle avgjerder, og samtidig er ein pådrivar for den vidare digitale utviklinga. Om du er ein god motivator som får med andre på endring og er flink til å skape entusiasme, kan dette vere noko for deg.
Toppleiar i Avisa Nordhordland er både ansvarleg redaktør og dagleg leiar, og har ansvar for seks tilsette med redaksjonelle og kommersielle oppgåver. Vi søkjer ein leiar som har ei forståing for korleis Avisa Nordhordland kan styrke posisjonen og møte auka konkurranse. Vi trur ikkje du treng lang leiarerfaring for å lykkast i denne rolla, men det er sentralt at du ønskjer å ta ansvar, vert motivert av leiaroppgåver og ønskjer å utvikle det publisistiske produktet. Vi søkjer ikkje ein leiar som har alle svara - men som evnar å finne gode svar gjennom læring, tilgang på innsikt og samhandling med folka rundt seg. Samtidig må du vere førebudd på at dette er ei operativ leiarrolle, der du bidreg i produksjonen og skriv saker sjølv.
Om jobben
For å lykkast, trur vi rette kandidat har følgande erfaringar:
Du har innsikt i å drive fram dei viktigaste sakene og setje dagsorden med digitalt innhald
Du har erfaring med å dekke eit breidt nyheitsbilde
Du har samfunnsforståing og god presseetisk innsikt
Du har redaksjonell erfaring, gjerne leiarerfaring, og vert trigga av å jobbe mot klare mål basert på data og analyse
Du løftar fram gode prestasjonar og følgjer opp det som kan bli betre
Du er ein typisk lagbyggar og får folk med deg
Du har gode språkkunnskapar, skriftleg og munnleg
Du har kommersiell forståing
Kva ser vi etter?
Vi skal skape det beste arbeids- og utviklingsmiljøet i Nordhordland. Då treng vi den beste toppleiaren. For å lykkast, meiner vi følgande ferdigheiter er viktige:
Du er ein engasjert, inkluderande og tydeleg leiar
Du liker at det er spenn i arbeidsoppgåvene - frå det strategiske til det operative
Du evner å prioritere det som er viktig framfor det som er mindre viktig, kvar dag
Du er bevisst på å bruke energien på det du kan gjere noko med
Du tåler å stå i stormen
Du ønskjer å vere ein synleg redaktør i dekningsområdet og gjere deg kjend med lokalmiljøa, for å forstå kva som er viktig for folk og verksemder i Nordhordland og Gulen
Du er fagleg sterk, og tar gode valg, og er i stand til å ta avgjerder sjølv om du ikkje alltid føler at du veit nok til å ta den perfekte avgjerda
Du er uredd, endringsorientert og likar å utfordre etablerte sanningar
Som ansvarleg redaktør og dagleg leiar vil du få eit samla leiaransvar for redaksjonell drift og utvikling, i tillegg til overordna ansvar for administrasjon i avisa. Salsavdelinga i avisa er organisert gjennom, og leia av, salssjef i Bergensavisen. Administrative støttefunksjonar er samla i fellesfunksjonar både i regionen og sentralt i Amedia. Du vil rapportere til styreleiar og regiondirektør i Amedia region Vest.
Vårt løfte til deg
Vi lovar deg ei rolle i ei lokalavis som betyr noko for folk i Nordhordland. Vi har eksistert sidan 1974, og er i rivande utvikling. Kvar dag serverer vi journalistikk og innhald som ligg tett opptil det lesarane snakkar om og er opptekne av. Vi har store ambisjonar om vidare vekst i åra som kjem. Vi har mediekonsernet Amedia med oss i denne ambisjonen, og du har dermed støtte frå mediebransjens beste utviklings- og analysemiljø.
Synest du dette er motiverande? Då bør du søkje, eller ta ein uforpliktande prat med vår rådgivar Bård Idås.Avisa Nordhordland er ein del av Amedia. Du kan lese meir om korleis det er å jobbe i Amedia her.