Vi søker ein uredd journalist som brenn for å fortelja historier som vert lagt merke til hjå eit breitt publikum, og som kan jobba med innhald til sendingane våre.
PublisertSist oppdatert
Denne artikkelen er over to år gammel.
Informasjon om stillingen:
Stillingstype: Fast
Arbeidssted: Bergen
Søknadsfrist: 23. november
Om arbeidsgiver
NRK skal styrke demokratiet, samle og engasjere alle som bor i Norge. Våre grunnleggende verdier er åpen, modig og troverdig. For å lykkes med det omfattende allmennkringkasteroppdraget vi har fått, trenger vi medarbeidere med forskjellig erfaring og bakgrunn.
Vil du jobbe sammen med oss for å skape godt og viktig innhold som treffer hele Norges befolkning?
NRK er omfattet av Offentlighetslovens bestemmelser om rett til innsyn i søkerlister. Søker må begrunne eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikke blir akseptert, vil søker varsles og eventuelt ha mulighet til å trekke sin søknad.
Vi ønsker særleg å verta flinkare til å nå ut til unge og fleirkulturelle. Målet er å laga viktige og nære saker som set dagsorden regionalt og nasjonalt.
Vi i NRK Vestland ønsker å komma tett på folk der dei bur, og gje publikum reportasjane og nyheitene som engasjerer i kvardagen. Redaksjonen vil skapa journalistikk som bidreg til endring og løfter fram løysingar i samfunnet.
Arbeidsoppgåver
Kunna løfta saker frå Vestlandet til eit nasjonalt publikum.
Jobba sjølvstendig og driva fram saker frå idé til ferdig sak.
Laga journalistikk til dei ulike plattformene til NRK; radio, TV, nett og sosiale medium.
Du må rekna med turnusarbeid med kvelds-, morgon- og helgevakter. Reising og overtid kan verta aktuelt.
Å vera førebudd på å rykka raskt og å rapportere direkte frå felt er ein del av jobben.
Kvalifikasjonar
God journalistisk teft og evne til å jobba fram viktige eigensaker.
Erfaring frå journalistisk arbeid i ein nyheitsredaksjon.
Godt og trygt språk både munnleg og skriftleg.
Har god teknisk og digital forståing.
Det er ein fordel med høgare utdanning.
Personlege eigenskapar
Nysgjerrig, ambisiøs og idérik.
Hardtarbeidande og trivst med høgt tempo.
Brenn for å fortelja viktige historier.
Ha vilje til å dela kunnskap med kollegaer.
Våga å fortelja historier på nye måtar og vera med på å utvikla ein teste- og lærekultur i redaksjonen.
Vi tilbyr
Fast jobb i moderne og trivelege lokale i mediebyen i Bergen
Ein arbeidskvardag med ambisiøse, dedikerte og hyggelege kollegaer
I NRK Vestland vil det vera gode vilkår for utvikling og kompetanseheving.
Privat AFP-ordning. Konkurransedyktige pensjons- og forsikringsordningar.