STILLING LEDIG:
NRK Vestland søker videojournalist i Bergen
Har du lyst på jobb som VJ i Bergen?
Denne artikkelen er over to år gammel.
I Bergen har vi ledig eit 80 % vikariat som videojournalist. Vi søkjer ein VJ som i hovudsak skal jobbe med nyheiter i NRK Vestland.
Arbeidsoppgaver
Videojournalistane våre jobbar med å lage saker frå Vestland til lokale og nasjonale nyheitssendingar på NRK. Her ser vi etter ein fotograf som både er trygg teknisk og journalistisk og som ikkje kvir seg for å jobbe åleine med ein sak frå a til å.
Meir i detalj så ønskjer vi at du har:
- lyst til å jobbe med dagsaktuelle saker og hendingar
- idear til saker og tema som kan treffe både ungt og breitt
- erfaring som fotograf, både video og stills
- god kjennskap til Adobe Premiere
- erfaring med å levere direkteinnhald til nett og TV
For å søkje på dette vikariatet må du ha førarkort klasse B.
Kvalifikasjoner
Vi ønskjer søkjarar med utdanning på høgskule- eller universitetsnivå. Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
Det er eit krav at søkjarar har sikker språkføring i norsk, både skriftleg og munnleg.
Våre videojournalistar går i ein turnus som inneber vakter på dag- og kveldstid og i helger.
Vi tilbyr
Hjå oss får du eit trygt arbeidsmiljø med store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
Vi held til i trivelege og moderne lokaler i Media City Bergen med kort veg til det meste.
Startdato:28.02.2022
Sluttdato:31.08.2022
Kontaktinformasjon:
- Ingvil Aaen Torpe, gruppeleiar, tlf: 957 39 673 / e-post: ingvil.aaen.torpe@nrk.no
- Christine Kongsvik, gruppeleiar, tlf: 907 86 827 / e-post: christine.kongsvik@nrk.no