STILLING LEDIG:

NRK Vestland søkjer sommarvikarar
NRK Vestland har fleire ledige sommarvikariat i Førde og Bergen.
Arbeidsoppgåver
- Nyheitsarbeid for nett, radio, TV og sosiale medium.
- Jobbe fram saker frå idé til ferdig sak.
- Utrykking på store hendingar.
- Jobbe i felt og levere lyd, bilete og video til alle plattformer.
Kvalifikasjonar
- Erfaring med nyheitsarbeid.
- Har god nyheitsteft og evne til å ha oversikt i eit hektisk nyheitsbilete.
- Er samfunnsengasjert og følgjer med i nyheitsbiletet.
- Skriv godt og har ei sikker munnleg språkføring.
- Har evne til å formidle og velge innhald slik at det treffer målgruppa.
- Har god digital forståing og evne til å setje seg inn i teknisk utstyr.
Personlege eigenskapar
- Har energi og humør.
- Kan arbeide sjølvstendig og har eigne idéar.
- Har gjennomføringsevne og engasjement.
- Har gode samarbeidsevner og vilje til å vere med på å løfte heile laget
Vi tilbyr
- Redaksjonen i NRK Vestland har eit godt arbeidsmiljø.
- I NRK Vestland vil det vere gode vilkår for utvikling og kompetanseheving.
- Du vil få arbeide i ein spanande nyheitsredaksjon der du får erfaring med både nett, TV, radio og sosiale medium.
Annet
- Arbeidet inneber helge- og turnusjobbing.
- Du må ha førarkort.
- Skriv om du ynskjer å jobbe i Bergen, Førde eller begge stader.
Kontaktinformasjon:
- Bergit Sønstebø Svendseid, redaksjonssjef, Bergen, tlf: 481 15 103
- Linda Olin Reite, redaksjonssjef, Førde, tlf: 975 00 907