STILLING LEDIG:

NRK søker nyheitsproducer og deskjournalist

Denne artikkelen er over to år gammel.

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Bergen

Søknadsfrist: 30. november

Antall stillinger: 2

Om arbeidsgiver:

NRK skal styrke demokratiet, samle og engasjere alle som bor i Norge. Våre grunnleggende verdier er åpen, modig og troverdig. For å lykkes med det omfattende allmennkringkasteroppdraget vi har fått, trenger vi medarbeidere med forskjellig erfaring og bakgrunn.

Vil du jobbe sammen med oss for å skape godt og viktig innhold som treffer hele Norges befolkning?

NRK er omfattet av Offentlighetslovens bestemmelser om rett til innsyn i søkerlister. Søker må begrunne eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikke blir akseptert, vil søker varsles og eventuelt ha mulighet til å trekke sin søknad.

Visste du at 92% av alle som bur i Noreg bruker NRK kvar dag? Nå har du sjansen til å bli med på laget og nå ut til publikummet vårt på tv, nett og radio. 

Vi tar to faste ledige stillingar i Bergen: ein som nyheitsproducer/videojournalist og ein som deskjournalist.

Vi ser etter ein nyheitsproducer som er ein god historieforteljar med eit godt fotografisk auge, og som har stor interesse for nyheiter. Du har god teknisk forståing og veit kva for historier som treff publikum. Du er ein driven videojournalist som brenner for å fortele historier på alle plattformene våre, og veit kva som skal til for å nå ei yngre målgruppe. Du er uredd, og liker å teste og ta i bruk ny teknologi. I tillegg er du sjølvstendig, idérik og bidrar til at NRK sitt innhald står ut i mengda.

Deskreporteren skal jobbe med nasjonale og internasjonale nyheiter på sendedesken vår, men vil også gå i turnus med vakter som nyheitsreporter på desken til NRK Vestland. Vi ser etter deg som elskar å jobbe med løpande nyheiter, og som vil at vi skal vere fyrst med nyheitene på alle våre plattformer.

NYHEITSPRODUCER/VIDEOJOURNALIST

Arbeidsoppgåver

Bidra med innhald frå idé til ferdig produkt:

  • Planlegge og avvikle direkte nyheitssendingar
  • Produsere reportasjar og anna innhald til NRK sine plattformer
  • Levere direkteinnhald, reportasjar og stillbilde frå felt
  • Gå live åleine frå felt når det er behov for det

Kvalifikasjonar

Som producer er du arbeidsleiar i samarbeid med resten av nyheitsteamet. På sendedesken blir det produsert varierte sendingar, både lokalt og nasjonalt, frå Bergen.

Du må kunne opparbeide deg svært god kunnskap om bruk av dei tekniske verktøya våre og om arbeidsflyt. I rolla som producer styrer du det tekniske arbeidet før og under sending, i tillegg må du ha stort fokus på innhaldet og visuell utforming.

I denne jobben må du ta ansvar og kunne jobbe sjølvstendig med god framdrift. Du samarbeider godt med andre, tar initiativ og har eigne idear. Du taklar krevjande situasjonar og er løysningsorientert i alle fasar av arbeidsprosessen. Du jobbar godt opp mot deadline og trivst med direktesendingar.

Som videojournalist tar du gode stillbilde og kan gjere videoopptak med høg kvalitet, har allsidig teknisk kompetanse og god kjennskap til redigering i Adobe Premiere. Vi søker deg som er fotograf med solid journalistisk forteljarkompetanse.

For å lukkast i jobben er det viktig at du er oppteken av å lære nye ting og har evna å utvikle både deg sjølv og andre.

Du må rekne med turnusarbeid og reiseaktivitet. 

Vi ønsker at du har høgskule- eller universitetsutdanning, men relevant erfaring kan kompensere for dette. Sikker språkføring i norsk, både munnleg og skriftleg, og førarkort klasse B er naudsynt i jobben.

Personlege eigenskapar:

  • Strukturert
  • Handlekraftig
  • Stresshandtering
  • Kommunikasjon
  • Samarbeidsevne
  • Endringsorientert

 Startdato: 02.01.2024

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål om stillingen som nyheitsproducer/videojournalist? Ta kontakt:

SØK PÅ NYHEITSPRODUCER/­VIDEOJOURNALIST HER

 

DESKREPORTER

Arbeidsoppgåver

Som reporter på sendedesken i Bergen jobbar du med å overvake det nasjonale og internasjonale nyheitsbildet, vurdere stoff som kjem inn og redigere video til nasjonale sendingar. Redaksjonen sitt viktigaste oppdrag er å styrke NRK sin dekning av løpande nyheiter. Nyheitsstrømmen vår går på radio, TV og mobil - alle NRKs plattformer - frå 09-18 på kvardagar. Du bidrar ved å vere godt oppdatert på det løpande nyheitsbildet, og ved å jobbe raskt og presist i formidlinga av det.

Som deskjournalist vil du gå i turnus både på sendedesken og i nyheitsredaksjonen i NRK Vestland. Vi ser difor også etter deg som ønsker å lage gode saker frå Vestland - til hele landet - og som jobbar raskt og effektivt på desk. 

Kvalifikasjonar

Vi søker deg som elskar nyheitspulsen, er godt oppdatert, er interessert i dei store sakene og har erfaring som nyheitsjournalist.

  • Du kan redigere i et videovideoverktøy, som Premiere, eller er innstilt på å lære deg det.
  • Du liker høgt tempo for å få ut saker på kort tid.
  • Du er språksikker og har solid etisk og journalistisk vurderingsevne.
  • Du har godt humør og tar utfordringar på strak arm.
  • Du er ein lagspelar som løfter sendingane og desken vår saman med andre.
  • Har du vaktsjefkompetanse er det eit pluss, men det er ikkje eit krav. 

Personlege eigenskapar

  • Effektiv og nøyaktig 
  • Jobbar godt under press og i hektiske situasjonar
  • Gode samarbeidsevner
  • Gode språkkunnskapar skriftleg og munnleg i norsk og engelsk

Sendedesken er ein bra stad å utvikle deg i rolla som direktejournalist. Du vil lære deg fleire redigeringsverktøy og få mengdetrening i desse. Det vil bli gitt god opplæring i verktøy og rutinar ved oppstart.

Jobben inngår i ein turnus med andre reporterar i NRK Vestland. Du må rekne med ulempe- og helgevakter som ein del av turnusen.

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål om stillingen som deskjournalist? Ta kontakt med: 

SØK PÅ DESKJOURNALIST HER

 

VI TILBYR

  • To spanande og varierte jobbar der du kan jobbe med løpande nyheiter til alle NRKs plattformer
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Kompetanseutvikling innanfor fleire ulike fagområde
  • Moderne lokalar i MCB med framtidsretta teknologi
  • God og ryddige arbeidsforhold, svært gode pensjons- og forsikringsordningar og velferdstilbod

 

SØK PÅ DESKJOURNALIST HER

SØK PÅ NYHEITSPRODUCER / VIDEOJOURNALIST HER

Powered by Labrador CMS