Bli med på laget! Konkurransetilsynet søker engasjert journalist med god penn
PublisertSist oppdatert
Denne artikkelen er over to år gammel.
Informasjon om stillingen:
Stillingstype: Fast Arbeidssted: Bergen Søknadsfrist: 4. januar 2024
Om arbeidsgiver
Konkurransetilsynet sitt samfunnsoppdrag er å sikre konkurranse som er til fordel for forbrukere og næringsliv. Gjennom håndhevelse av konkurranseloven skal tilsynet avdekke konkurranseskadelig samarbeid og misbruk av dominerende stilling. Tilsynet vurderer også om fusjoner og oppkjøp kommer forbrukere til gode. Konkurransetilsynet deltar aktivt i internasjonalt samarbeid innen sine fagområder. Konkurransetilsynet har rundt 100 ansatte i nye og moderne lokaler i Zander Kaaes gate 7 i Bergen. For mer informasjon se www.kt.no.
Konkurransetilsynet er på jakt etter ein dyktig og erfaren journalist som kan bidra til å synleggjere og auke kunnskapen om samfunnsoppdraget vårt og konkurranselova. Vi ser etter ein initiativrik kommunikasjonsrådgjevar som kan formidle komplekse juridiske og økonomiske tema på ein forståeleg måte.
Vi tilbyr ei spennande og utfordrande rolle i ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag. Om du ønskjer å vere ein del av teamet vårt og bidra til å styrke Konkurransetilsynet si rolle i samfunnet, ser vi fram til å få søknaden din. Du vil vere ein del av kommunikasjonsavdelinga med fire tilsette med ulik kommunikasjonsfagleg bakgrunn.
Sentrale arbeidsoppgåver:
Utvikle og sette i verk kommunikasjonsstrategiar.
Handtere førespurnader frå media og proaktivt jobbe med medieinnsal.
Overvake og analysere mediedekning relatert til konkurransepolitikk.
Gje medietrening til talspersonar i organisasjonen.
Vere ambassadør for klart språk i all kommunikasjon.
Prosjektleiing ved undersøkingar og liknande initiativ.
Produsere og gje bistand med ulike tekster og innhald til nettsider, sosiale media og andre plattformer.
Løpande deltaking i andre kommunikasjonsoppgåver etter behov.
For rett kandidat vil det vere moglegheiter for å utvikle og vere vert for podkasten Konkurransepodden.
Kompetansekrav:
Høgare utdanning innan journalistikk eller kommunikasjon.
Minimum 5 års relevant erfaring, helst frå redaksjonell verksemd, men annan kommunikasjonsfagleg erfaring vil bli vurdert.
Personlege eigenskapar:
Sterkt samfunnsengasjert med god forståing og kunnskap om samfunn, politikk og næringsliv.
Teft for nyhende og evne til å formidle komplekse tema på ein tilgjengeleg måte.
Sjølvstendig, men samstundes ein lagspelar som trivst i eit dynamisk miljø.
Initiativrik, serviceorientert, og pådrivar for endring og forbetring.
God skriftleg formidlingsevne og evne til å levere presise og tydelege bodskap.
Vi tilbyr deg
Å bli ein del av vårt inspirerande, faglege og gode arbeidsmiljø. Våre moderne og universelt utforma lokale i Bergen sentrum gir deg ein flott base å jobbe frå. Vi er opptatt av ein fungerande balanse mellom jobb og fritid, og hos oss får du fleksibel arbeidstid, moglegheit for heimekontor og trening i arbeidstida. Sykkelparkering og fine garderobefasilitetar er og på plass. Vi har god pensjonsordning hos Statens Pensjonskasse, gode velferdsordningar, kantine og eige bedriftsidrettslag.
Stillinga blir lønna ut frå kvalifikasjonar og iht. til det statlege lønnsregulativ som seniorrådgjevar (st. kode 1364) i lønnsspennet kr. 650 000 – 800 000. For spesielt kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast.
Vi gjer merksame på at opplysningar om søkaren kan gjerast offentleg sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista, jf. offentleglova §25. Dersom ein søkar ønsker å reservere seg frå offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i søknaden.
Mangfald er ein styrke
Vi i Konkurransetilsynet er opptatt av å ha eit inkluderande arbeidsmiljø. Mangfald betraktar vi som ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Difor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søker til å krysse av for dette i jobbsøkarportalen. Her er det fleire kategoriar, og så sant det er kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst ein i kvar gruppe til intervju. Får du jobben, legger vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avgrensingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
Søknadsfrist: 4. januar 2024
Kontaktinformasjon
Er du nysgjerrig og vil vite meir om stillinga? Ta kontakt med: