STILLING LEDIG:
Avisa Nordhordland søkjer etter journalist i fast stilling
Vil du vera med på å løfta Avisa Nordhordland til nye høgder?
Denne artikkelen er over to år gammel.
Avisa Nordhordland skal styrke laget og søkjer etter journalist i fast stilling.
Me er på jakt etter deg som alltid er på utkikk etter dei gode nyheitssakene, er flink til å komma tett på folk, ønskjer å fortelja historiene på ein levande og engasjerande måte, og har lyst til å verta ein del av den dyktige og ambisiøse redaksjonen vår.
Du må ha interesse for den digitale journalistikken. Det er den me skal satsa mest på i tida som kjem. I tillegg til å vera skrivande journalist, vil du òg kunna komma til å jobba med video, foto, direkteoppdateringar, lyd, strøyming og andre publiseringskanalar.
Me reknar ikkje med at du kan alt frå første dag, men du må vera motivert for å læra deg nye verktøy og arbeidsoppgåver.
Me ser etter deg som:
- Er motivert for å utvikla deg som journalist
- Har ein del journalistisk erfaring
- Meistrar nynorsk
- Er engasjert, likar å ta ansvar, arbeida sjølvstendig og er kreativ
- Vert trigga av at dine saker vert lesne, men óg heiar frem andre for å nå felles mål
- Er glad i eit godt fellesskap med gode kollegaer, og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Har førarkort på bil, likar å vere på farten, og trivst i møte med folk
Har du lyst på jobben, men kan ikkje haka av på alle kriteria? Søk likevel – du kjem langt med rett haldning, vilje og talent.
Me tilbyr:
- 100% fast stilling, i fast turnus
- Ein spennande jobb i ein region der det skjer mykje og tempoet er høgt
- Ei viktig rolle i ei lokalavis som har ambisjonar og skal bety noko for folk
- God journalistisk erfaring og hjelp til å utvikla av kompetansen din
- Utvikling og oppdatert kompetanse gjennom Amedia, det leiande lokalaviskonsernet i landet.
- Eit triveleg og uformelt arbeidsmiljø med kollegaer som samarbeider tett
Det er ein stor fordel om du har lokalkunnskap, og kjenner Nordhordland som region.
Kontaktinformasjon:
- Sirill Heimdal, konstituert redaktør / tlf: 977 16 612
- Synne Grimen Hammarvoll, klubbleiar / tlf: 416 26 272
Har du noko tidlegare arbeid du er stolt over? Legg det gjerne ved!