STILLING LEDIG:

Mediehuset Sunnhordland søkjer ansvarleg redaktør

Vi har ambisjonar om å vekse digitalt og styrke vår posisjon endå meir dei neste åra. Til å leie dette arbeidet søkjer vi etter ein ansvarleg redaktør med stort engasjement for journalistikkens rolle i lokalsamfunnet.

Denne artikkelen er over to år gammel.

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Stord

Søknadsfrist: 11. januar, søknader vert vurderte fortlaupande

Om arbeidsgiver

Mediehuset Sunnhordland sin posisjon og samfunnsrolle i Sunnhordland er unik. Me har hatt ei positiv utvikling dei siste åra, med solid auke av lesarar og abonnentar. Sunnhordland kom første gong ut i 1902 og kjem i dag ut som papiravis tre gonger i veka og med kontinuerlege oppdateringar på sunnhordland.no. Godkjent opplag (2020) er 6.467.

20.600 les oss dagleg på papir og digitalt. Mediehuset Sunnhordland har 30 årsverk, held til på Stord der det er gode kommunikasjonar med eigen flyplass, fast vegsamband og eit allsidig næringsliv.

Nynorskbyen Stord har gode tilhøve for kultur, idrett og friluftsliv, og det er lett å trivast blant gode kollegaer. Sunnhordland er ein del av Polaris-konsernet.

Vi leitar etter deg som har journalistisk teft og ønskjer å vere ein tydeleg, inspirerande og synleg leiar. Du evner å skape entusiasme for endring og utvikling. Saman med dyktige kollegaer vil du arbeide for å fremje engasjerande lokalt innhald og bidra til at Sunnhordland styrker sin digitale posisjon i lesarmarknaden.

Dagens redaktør har etter eige ønskje valt å gå over i ei anna stilling i Sunnhordland. Mediehuset Sunnhordland leies gjennom ein to-leiar modell beståande av dagleg leiar og ansvarleg redaktør. Begge rapporterer til styret.

ANSVAR OG OPPGÅVER:

  • Leie og vere med å utvikle det redaksjonelle arbeidet, med spesielt fokus på den digitale utviklinga
  • Ansvar for å forvalte den publisistiske plattforma til avisa og vere ein garantist for at avisa ivaretek si uavhengigheit, saklegheit, sin relevans og sitt samfunnsansvar
  • Personalansvar og medarbeidarutvikling
  • Tett samarbeid med kollegaer i Polaris Media
  • Rapportering til styret i avisa

ØNSKJELEGE KVALIFIKASJONAR:

  • Relevant høgare utdanning
  • Nokre års redaksjonell leiarerfaring er ønskjeleg
  • God presseetisk vurderingsevne
  • Klar forståing for medieutvikling og digitalisering
  • Opptatt av innsikt og analyse i utviklingsarbeidet
  • Svært gode språkkunnskapar på nynorsk, skriftleg og munnleg

PERSONLEGE EIGENSKAPAR:

  • Resultatorientert
  • Lagspelar
  • Pågangsmot
  • God kommunikator
  • Nysgjerrigheit

Om du har noko av det vi er på jakt etter, og har ambisjonar og ønskje om å utvikla deg vidare, oppmodar vi deg til å vise interesse for stillinga.

VI KAN TILBY:

  • Ein sentral og viktig stilling i eit nynorsk mediehus som har blitt kåra til årets lokalavis både i Norge og Europa.
  • Eit kreativt og godt miljø i lag med gode kollegaer.
  • Tilgang til digitale løysingar, analyseverktøy, kompetanse og ressursar som vil leggja til rette for vekst og utvikling.
  • Nyoppussa lokale i Leirvik sentrum på Stord, med utsikt over hamn, fjord og fjell.
  • Storslått natur! Du vil bu og arbeida i vakre omgjevnadar i Sunnhordland. Les meir om den fantastiske regionen vår.
  • Konkuransdyktige lønsvilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar.

Kontaktinformasjon:

For meir informasjon, ta kontakt med rekrutteringspartnaren vår HAMNØY AS:

  • Jan Tore Hamnøy, rådgjevar, tlf. 411 02 200 / e-post: jth@hamnoy.no
  • Aase Marie Stølås Jørgensen, researcher, tlf. 454 72 665 / e-post: amsj@hamnoy.no
  • Henning Johansen, styreleiar, tlf. 915 37 200
  • Kjetil Østrem, tillitsvald, tlf. 982 42 022.

Vis interessa di for stillinga ved å registrere CV-en din og søknad snarast. Attestar og vitnemål skal leggjast ved søknaden. Alle henvendingar vert handsamasa konfidensielt – også overfor oppdragsgivar i innleiande fase dersom det er ønskeleg.

Søknadsfrist: 11. januar 2022 – søknader vert vurderte fortlaupande.

SØK HER

Powered by Labrador CMS