STILLING LEDIG:

Fjordenes Tidende søker ansvarleg redaktør

Som redaktør og dagleg leiar i Fjordenes Tidende må du forstå samfunnsrolla til mediehuset, og ha hjarte og teft for å lage journalistikk som vedgår dei som bur i dekningsområdet.

Denne artikkelen er over to år gammel.

Informasjon om stillinga:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Måløy

Søknadsfrist: 31. mai

Om arbeidsgivar

Mediehuset Fjordenes Tidende AS gir ut lokalavisa for ytre Nordfjord, og driv nettstaden fjt.no. Mediehuset vart etablert i 1910, og har ein sterk posisjon både i lesar- og annonsemarknad i området. Fjordenes Tidende har kontor i Måløy. Mediehuset har ni tilsette, eit opplag på om lag 4.500, og ei forventa årsomsetning på vel 16 mill. kroner. Mediehuset si organisering har fokus på lokal innhaldsproduksjon og marknadsarbid. Fjordenes Tidende har også ansvar for drift av Nordfjordsamkøyringa, eit salssamarbeid for annonsar for dei fire lokale mediehusa i Nordfjord.

Fjordenes Tidende har opparbeidd god kompetanse og ein sterk posisjon innan digital publisering, og den nye redaktøren får ansvaret for å vidareføre dette. Engasjement og interesse for digital innhaldsformidling vil difor bli vektlagd. Kjennskap til dekningsområdet vil også vere ein stor fordel.

Redaktøren er også dagleg leiar for mediehuset med personalansvar for heile staben, og rapporterer til styret. Sjølv skal redaktøren vere ein aktiv skrivande ressurs, men skal også bruke av si tid til å utvikle både medarbeidarar og mediehuset sitt lesartilbod.

Fjordenes Tidende AS er heileigd av Sunnmørsposten AS, og er ein del av Polaris Media ASA. Avis og nettstad vert redigert på nynorsk.

Kontaktinformasjon

  • Lidvar Flydal, styreleiar / tlf: 926 855 26 / e-post: lidvar.flydal@smp.no
  • Bjørn Erik Drabløs, fungerande klubbleiar i redaksjonen / tlf: 941 36 428 / e-post: bjorn@fjt.no

Søknadsfrist: 4. juni

CV og søknad sendast til lidvar.flydal@smp.no

Powered by Labrador CMS