STILLING LEDIG:
LLA søker prosjektmedarbeidar
Vi vil ha hjelp til å hjelpe lokalavisene!
Denne artikkelen er over to år gammel.
Kva kan lokalavisene gjere for å bli meir attraktive arbeidsplassar blant journalistar og redaktørar? Vi er på jakt etter nokon som kan hjelpe oss i Landslaget for lokalaviser (LLA) med å finne gode svar.
Med støtte frå Medietilsynet skal LLA i ei prosjektstilling i minst eit halvt år arbeide med eit nytt rekrutteringsprosjekt for å få fleire til å søke jobb i lokalavisene. Vi skal også samarbeide med utdanningsinstitusjonar og andre i mediebransjen for å skape kreative tiltak og få opp interessa for å jobbe redaksjonelt i lokalaviser landet rundt.
Vi ser etter ein nysgjerrig og kreativ person som er flink til å gjennomføre det vi bestemmer oss for. Du må kunne starte i prosjektstillinga så snart som mogeleg. Dersom du får oppdraget, får du også stor fridom i kor du arbeider frå, og korleis du legg opp dagane dine. Du må likevel ta turen til kontoret vårt på Pressens hus i Oslo av og til. Du må også kunne besøke lokalaviser og utdanningsinstitusjonar rundt om kring i Norge.
Kontaktinformasjon
Ta gjerne kontakt med LLAs generalsekretær Tomas Bruvik for meir informasjon:
- Tomas Bruvik, tlf: 411 08 523 / e-post: tomas@lla.no
Meir om Landslaget for lokalaviser på www.lla.no