STILLING LEDIG:
Firdaposten treng sommarvikarar
Denne artikkelen er over to år gammel.
Firdaposten treng to journalistar i sommar!
Har du lyst å prøve deg som journalist i sommar? I Firdaposten er vi på jakt etter to vikarar til redaksjonen vår gjennom sommarvekene, frå midten av juni og til midten av august. Vi kan tilby deg to hektiske, men lærerike månader i eit lokalmiljø heilt vest i Norge som aldri står stille, og der det alltid skjer noko. Etter to månader hos oss vil du ha fått prøve deg som nyheitsjeger og sportsjournalist, du har skrive reportasjar, laga bildeseriar frå festivalar, kanskje skrive kommentarar - og du vil heilt sikkert ha produsert videoar og delteke på streaming og direktesendingar.
Viss du synest dette høyrest spennande ut, så ta kontakt med oss! Vi tilbyr eit supergodt arbeidsmiljø, mykje læring, konkurransedyktig løn, ein god porsjon kvardagshumor og ein meiningsfull sommarjobb. Har du journalistutdanning eller held på med ein, så er det supert, men ikkje noko krav. Det vi derimot krev er at du er samfunnsengasjement, nysgjerrig, effektiv, kreativ og har førarkort. Resten ordnar vi i lag!
Kontaktinformasjon
Vil du vite meir, så ringer du:
- Svend Arne Vee, ansvarlig redaktør/daglig leder, tlf: +47 908 47 465 / e-post: svend.arne.vee@firdaposten.no
- Eller sender søknad med CV og evt. arbeidsprøver til svend@firdaposten.no