STILLING LEDIG:
To faste stillingar som journalist i Sogn Avis
Me er ute etter kvikke, kreative og digitale allroundjournalistar.
Denne artikkelen er over to år gammel.
Sogn Avis har to faste journaliststillingar ledige i hovedredaksjonen i Sogndal og på avdelingskontoret i Årdal.
Sogn Avis har lagt bak seg nokre år som ei av dei raskast veksande lokalavisene i landet. No treng me deg som kan hjelpa oss til vidare vekst.
Som journalist hjå oss må du vera open for det meste, trivast når det er travelt og vera både lagspelar og sjølvgåande.
Har du dei gode idéane, styrer du mykje av kvardagen sjølv. Hjå oss går du vakter der du jobbar tett saman med frontsjefane som styrer arbeidet i det daglege. Stillinga inneber turnus med morgon-, kvelds- og helgevakter.
I Sogn Avis vil du finna eit ambisiøst og inkluderande arbeidsmiljø med både ungt pågangsmot og rutine du kan læra av.
Video, datastøtta journalistikk og kvardagsgraving er viktige satsingsområde for avisa i tida framover. Me har 15 redaksjonelle årsverk.
Me ynskjer oss folk med journalistutdanning, annan relevant utdanning eller relevant arbeidserfaring. Men den du er og potensialet me ser i deg kan vega opp for manglande formell kompetanse.
Vi har nettopp flytta inn i i nye, fjordnære lokale i Sogndal, der me skal byggje framtidas avishus i Sogn.
Me kan lova deg ein spanande jobb i eit variert vekstområde. Her vil du få både ansvar og fridom til å utvikla deg.
Kontaktinformasjon:
- Arve Uglum, Ansvarlig redaktør, e.post: arve.uglum@amedia.no /
tlf. 970 55 224 - Wenche Schanke Eikum, e-post: wenche.eikum@amedia.no / tlf. 971 64 907