STILLING LEDIG:

Photo of a hiker at Bøttejuv in Øvre Årdal

Porten søkjer ferievikarar

Porten er i kraftig vekst og me har satt oss nye, spennande mål for framtida. No jaktar me etter sommarvikarar.

Denne artikkelen er over to år gammel.

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Sommarvikarar

Arbeidssted: Sogn

Søknadsfrist: Snarast

Om arbeidsgiver

Mediehuset Porten.no er ei partipolitisk uavhengig og heildigital lokalavis for Indre og Ytre Sogn. Porten.no har forankring og hovedkontor i Årdal, midt mellom Bergen og Oslo, med den fantastiske naturen i Sognefjorden og Jotunheimen som næraste nabo. Porten har ca. 25.000 unike brukarar kvar veke og ca. 7.000 unike brukarar kvar dag. Meir enn 1.300 har abonnement på Porten.


Porten AS er eigd av Årdalsnett AS og Agnitio AS. Årdalsnett AS er største eigar, som igjen er eigd av Årdal Kraftlag AS og Enivest AS. For meir informasjon, sjå porten.no.

Porten er ei lokal heildigital nettavis i vekst, som dekkar heile Sogn. Du vil bli ein del av eit ungt og engasjerande arbeidsmiljø som er med å utvikla avisa vidare. Me ønskjer å styrke redaksjonen i sommar for å ha sakene som engasjerar og held nyheitstrykket oppe.

Her jaktar me deg som kan jobbe både dag, ettermiddag og helg, samt rykke ut på hendingar.

Me har skissert nokre stikkord på kven me ser for oss. Om du ikkje kan huke av alt, men er trigga av utfordringane, oppmodar me deg uansett om å søke. Indre engasjement og iver veg tungt.

Porten vil vere leiande på dei viktigaste nyheitene. Me er på jakt etter ferievikarar som kan sette dagsorden med eigne saker, finne snakkisane og drive debatten framover.

Me ser etter deg som:

  • Trives med tempo, jobbar effektiv og presist
  • Er allsidig og nyskjerrig
  • Er oppteken av nyheitsbildet, interessert i kva som engasjerar og har ein vilje til å fange opp det folk snakkar om
  • Er lærevillig og tilpasningsdyktig
  • Erfaring og/eller skriveglede er ein fordel
  • Skriv nynorsk
  • Har mulighet til å halde til i Sogn gjennom sommaren
  • Fordel med førarkort og bil

Me kan tilby:

  • Ein sjeldan sjanse til å vera med å vidareutvikle ei heildigital lokalavis
  • Eit framtidsretta miljø prega av kreativitet og fleksibilitet

I Porten vil du få muligheit til å utvikle deg, få faglege utfordringar samt å påvirke arbeidskvardagen din. Du blir ein del av ein dyktig redaksjon med høge ambisjoner og eit godt arbeidsmiljø.

Arbeidsstad: Årdal, Sogndal og Høyanger

Kontaktinformasjon:

Send CV og søknad snarast. Merk mailen med «søknad». Legg ved attestar og vitnemål. Søknader blir behandla fortløpande.

Oppstart: Etter avtale.

Søknadsfrist: Snarast
SØK HER

Powered by Labrador CMS