STILLING LEDIG:

STYRKJER REDAKSJONEN:
STYRKJER REDAKSJONEN:

Avisa Hordaland søkjer nyhenderedaktør

Lokalavisa på Voss er i vekst og søkjer nyhenderedaktør. Me har høge journalistiske ambisjonar og skal byggja eit sterkt mediehus for framtida. Vil du vera med å forma laget?

Informasjon om stillinga:

Stillingstype: Fast

Arbeidsstad: Voss

Søknadsfrist: 12. oktober

Om arbeidsgivar

Om arbeidsgivar

Hordaland er lokalavis for Voss, Granvin, Ulvik, Vaksdal, Modalen, Eidfjord og Ullensvang. Lokalavisa har lokale eigarar og samarbeider med Amedia om alt av tenester og system. Hordaland er opplagsvinnar blant lokalavisene i Vestland med eit opplag på 8334. Me veks kraftig digitalt, samstundes som at papiravisa står sterkt. Avisa kjem ut tre gonger i veka.

Nyhenderedaktøren er den viktigaste personen i redaksjonen. Stillinga er ny og oppretta for at Hordaland skal verta endå meir viktig for lesarane våre.

Nyhenderedaktøren skal stå i front og sørgja for at avisa lagar kvalitetsinnhald. I tillegg har du ansvar for at dei tilsette utviklar seg og at prioriteringane i det daglege står støtt. Du vil jobba tett med vaktsjefane om å nå dei strategiske måla våre og vera faneberar av gode presseetiske vurderingar. Du har personalansvar for redaksjonen og rapporterer til ansvarleg redaktør og dagleg leiar.

Som nyhenderedaktøren i Hordaland vil du bruka det beste av alt du kan til å utvikla heile avisa. Dette er ein unik sjanse til å vera med å fornya eit mediehus som skal setja spor etter seg.

Kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå nyheitsleiing eller andre leiarroller i mediebransjen
  • Erfaring med avisproduksjon og coaching i redaksjonen
  • Er utdanna journalist eller har annan relevant utdanning
  • Er presseetisk sterk og står støtt i journalistisk metode
  • Er kjent med strategiarbeid og forstår kvifor det vil hjelpa avisa til å veksa
  • Meistrar digitale reiskapar og forstår korleis dei skal nyttast for vekst
  • God i nynorsk og kjenner glede ved godt språk

Personlege eigenskapar:

  • Trivst i leiarrolla og ansvaret det medfører
  • Evnar å byggja lag og driva fram god journalistikk på tvers av flater
  • Forstår verdien av empatisk leiarskap og når du må ha hjelp frå andre til å ta gode val
  • Brenn for journalistikk som utviklar, underheld og opplyser samfunnet
  • Har godt humør og indre motivasjon ved å jobba i ei lokalavis
  • Meistrar eit arbeidsmiljø med høgt tempo og raske val
  • Har lyst til å utvikla deg sjølv og andre til det beste for avisa

Ansvarsområde:

  • Øvste leiar i nyheitsrommet og sparringspartnar for vaktsjefane
  • Skal levera på avisa sine journalistiske ambisjonar på alle flater, inkludert papiravis
  • Ansvarleg for den daglege nyheitsproduksjonen i høve avisa sin vekststrategi
  • Ansvarleg for strategien til digitale format, som nyheitsbrev, video og podkast
  • Ansvarleg for redaksjonelle medarbeidarar, avtalar og rekruttering
  • Ansvarleg for redaksjonen og individuell kompetanseheving
  • Ansvarleg for at video- og podkastutstyret held mål i høve ambisjonane

Det er sjølvsagt ein fordel om du bur eller vert busett på Voss, men ikkje eit absolutt krav. Hordaland er oppteken av å få dei beste søkjarane.

Ei avis for mange

Hordaland held til i sentrum av Voss, ei av dei mest innovative bygdene i Noreg. Med jarnbanen kjem du deg til både Bergen og Oslo, og turmoglegheitene i og kring bygda er heilt unike. Mange kjenner til Voss gjennom Ekstremsportveko, Voss cup, skisport eller Vossa jazz, men Voss har òg ei sterk lokalavis med mange lojale lesarar. Med Voss herad sine 16.000 innbyggjarar vil du som tilsett i Hordaland vera viktig for mange. I tillegg kjem omeignskommunane Ulvik, Vaksdal, Modalen, Eidfjord og Ullensvang, som avisa òg dekkjer.

Ver med på laget!

Hordaland er ei nytenkjande avis med tradisjonelle røter, med store ambisjonar for framtida. Me skal vera ein attraktiv arbeidsstad, driva eit moderne mediehus, laga kvalitetsjournalistikk, vera fyrstevalet til kundar og ha ei synleg merkevare. Målet er å verta endå meir viktig for dei som brukar oss.

Vil du vera med å fornya ei av landets beste lokalaviser? Då søkjer du på stillinga som nyhenderedaktør.

Kontaktinformasjon:

Send CV og søknad til [email protected]

Powered by Labrador CMS