STILLING LEDIG:
NRK Trøndelag søker digitale nyheitsjournalistar - faste stillingar
NRK Trøndelag søkjer etter to nyheitsjournalistar i faste stillingar i Trondheim. Me ønskjer journalistar med brei digital kompetanse som er gode til å formidla nyheiter og aktuelle historiar.
Denne artikkelen er over to år gammel.
NRK Trøndelag er det største nyheitsmiljøet i NRK utanfor Oslo. Me er eit mediehus med rundt 200 tilsette som er i stor utvikling med omfattande produksjon på NRK Radio, NRK TV og nrk.no. Me har mellom anna ansvar for nyheitsredaksjonane P3nyheter, Distriktskontoret Trøndelag, ein eigen regional Digital dybdedesk og programmet Dagens i NRK P1. Me jobbar også med aktuelle saker knytt til Norges tøffeste og alle dei andre TV- radio- og podkastproduksjonane på huset.
For desse stillingane ser me spesielt etter digitalt orienterte journalistar som kan handtera arbeid med tekst og visuelt innhald til nett og sosiale media. De blir med i oppbyggingsfasen av eit nyheitsgolv med mange prosjekt og redaksjonar som jobbar på tvers. Arbeidet medfører turnus- og helgejobbing.
Kvalifikasjonar
- God teft for nyheiter
- Digital kompetanse og erfaring med nettjournalistikk
- God kompetanse på stillbilder og bilderedigering
- Erfaring med lyd og video
- God samfunnskunnskap
- Førarkort kl. B
- Erfaring som digital vaktsjef er også kjekt
Personlege eigenskapar
- Jobba raskt og effektivt, også under press
- Eit godt munnleg og skriftleg språk
- Iderik, nysgjerrig og kreativ
- Kunna jobba sjølvstendig, men også lika samarbeid i team
Me tilbyr
- Du får jobba i eit kreativt miljø med journalistar som driv utvikling og formidling av nyheiter til heile landet.
- Du blir ein del av eit stort mediehus som kan tilby kompetanseheving og stadig nye utfordringar på tvers.
Kontaktinformasjon:
- Merete Verstad, kompetansesjef, tlf: 480 74 179
- Kristian Hovstad, faggruppeleiar, tlf: 480 75 243