STILLING LEDIG:
Nationen søkjer tre journalistar til nyheit og politikk
Nationen er i vekst og vi treng fleire folk til å styrke vår journalistikk. Vi ser etter deg som har lyst til å jobbe med politikk og nyhende i ei av landets viktigaste nisjeaviser.
Denne artikkelen er over to år gammel.
Journalist i fast stilling:
Vi søkjer ein journalist til å styrke vårt daglege nyhende- og reportasjearbeid. Du har teft for å finne nyhende, er kreativ og har evna til å sjå dei gode vinklingane. Du må kunne utnytte digitale flater slik at journalistikken kan nå flest mogleg.
Vi treng deg som vil vere med på å utvikle Nationen og som tykkjer det er spennande å eksperimentere med ulike former for historieforteljing.
Politisk journalist i fast stilling:
Nationen er opptatt av distrikts- og næringspolitikk. Til å styrke vår dekning av politikken på vårt felt søkjer vi deg som kan jakte nyhende og som har politisk teft og interesse. Du må vere nysgjerrig, flink til å snakke med folk og lett kunne skaffe deg kjelder.
Journalist vikariat:
Ein av våre journalistar skal ut i foreldrepermisjon og vi har difor eit ledig vikariat frå desember 2021 til og med august 2022. Vi leitar etter ein idérik og sjølvstendig medarbeidar med interesse for å dekke det løpande nyhendebiletet innanfor nisja til Nationen. Vilje og evne til å fortelje til dels kompliserte historiar med tekst og bilete vil bli vektlagt.
Felles for alle stillingane:
- Som journalist i Nationen får du tillit og ansvar frå første dag.
- Vi har eit godt arbeidsmiljø og er ein stad der du kan utvikle deg.
- Nationen nyttar både nynorsk og bokmål, og du må kunne skrive godt på minst eitt av målføra.
- Søkjarar bør ha relevant utdanning og/eller journalistisk erfaring. Du må rekne med noko arbeid på kveldar og enkelte helger.
- Alle stillingane inngår i turnus.
Kontaktinformasjon:
Lurar du på om ein av desse stillingane kan passe for deg, eller du vil vite meir om korleis det er å jobbe i Nationen, ta kontakt med ein av oss:
- Svein Ove Hansli, nyheitsredaktør, tlf: 911 84 928 / e-post: svein.ove.hansli@nationen.no
- Ingjerd Sørlie Yri, leiar i redaksjonsklubben, tlf: 922 86 591 / e-post: ingjerd.yri@nationen.no