STILLING LEDIG:

Firdaposten søkjer Journalist (prosjektstilling) med ansvar for Måløy

Vil du dekke Måløy? Vi søkjer journalist i prosjektstilling

Informasjon om stillinga:

Stillingstype: Midlertidig 

Arbeidssted: Florø

Søknadsfrist: 2. oktober

Om arbeidsgivar:

Firdaposten er den største avisa på kysten av Sogn og Fjordane og dekkjer kommunane Kinn og Bremanger. Vi held til i sentrum av byen Florø i nye, moderne lokale. Redaksjonen består av sju journalistar. Avisa har ca. 4500 abonnentar, der 77 prosent er heildigitale. Firdaposten kjem ut på papir ein gong i veka. Avisa blei grunnlagt i 1949 og er ei av Amedia sine 108 norske aviser. Avisa blir redigert på nynorsk.
 

Amedia er den største utgivaren av redaktørstyrde meiningar og meiningar i Noreg og eit leiande nordisk mediekonsern. Amedia eig Berlingske Media i Danmark, og det redaksjonelle nettverket vårt omfattar meir enn 250 avistitlar i Noreg, Danmark og Sverige gjennom heil- og deleigde verksemder og partnarskap. Konsernet har 2 300 tilsette i Noreg og Danmark og omsatte i 2025 for 5 milliardar kroner. Dagleg når dei 108 norske avisene våre over to millionar lesarar.

 

Amedia er i fleire år kåra til ein av dei mest attraktive arbeidsgjevarane i landet og er sertifisert som Great Place To Work. Sertifiseringa stadfestar og er eit prov på at medarbeidarane våre opplever organisasjonen som ein god stad å arbeide.

Firdaposten utvidar redaksjonen. Vi ønskjer å styrke dekninga av heile Kinn kommune med ei prosjektstilling på fulltid. Seks år har gått sidan kommunereforma der Flora og Vågsøy blei til Kinn kommune, og tida er no komen for at Firdaposten dekkjer heile Kinn kommune, inkludert dei nordlege delane.

Vi ser etter ein journalist som trivest like godt i kommunestyresalen som ute blant folk på festival. Du må brenne å gi lesarane dei spennande nyheitene først – og du må heller ikkje vere redd for å ta tak i dei vanskelege sakene i lokalmiljøet. 

Har du god lokalkunnskap om området du skal dekke, så er det ein fordel, men ikkje noko absolutt krav. Det same gjeld med omsyn til relevant utdanning og journalistisk erfaring.

Viss du er den rette for jobben, vil du få stor fridom til å utforme innhaldet i stillinga di sjølv. Det gjeld også med omsyn til fysisk arbeidsstad og arbeidstid.

Noko kvelds- og helgearbeid må påreknast. Prosjektstillinga vil vare i 12 månader, med moglegheit for forlenging. Vi tilbyr konkurransedyktig løn. 

Kontaktinformasjon

  • Svend Arne Vee, redaktør og daglig leder,                                                                                     e-post: svend.arne.vee@firdaposten.no / tlf: 908 47 465

SØK HER

Powered by Labrador CMS