STILLING LEDIG:

NRK Nyheiter søkjer sommervikarer 2026

Vil du jobbe i ein av landets travlaste nyhetsredaksjonar sommaren 2026?

Informasjon om stillinga:

Stillingstype: Sommervikarer

Arbeidssted: Oslo

Søknadsfrist: 16. januar

Om arbeidsgivar:

NRK logo

NRK skal styrke demokratiet og samle og engasjere alle som bur i Noreg. Dei grunnleggande verdiane våre er å vere opne, modige og truverdige. For at vi skal lykkast med det omfattande oppdraget vi har fått som allmennkringkastar, treng vi medarbeidarar med forskjellig erfaring og bakgrunn.

Vil du jobbe saman med oss for å skape godt og viktig innhald som treffer alle som bur i landet vårt?

NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.

NRK Nyheiter vil ha dyktige sommervikarar i 2026 som har litt erfaring frå journalistisk jobbing frå før. I dei fleste redaksjonane treng vi vikarar som kan nett, radio og/eller TV.

Vi vurderer søknader løpande, så søk gjerne tidleg!

Vi ønsker din CV, kort om motivasjonen din og svar på nokre spørsmål. Skriv også kvar hos oss du kunne tenke deg å jobbe.

Her er nokre av redaksjonane du kan søkja deg til:

Digitalreporter i visuell-gruppa (nett) søker sommervikarar som vil vere med på å utvikle digital visuell historieforteljing i både «breaking»- og eigensaker. Du har gjerne erfaring med video/foto og vil utfordre dei etablerte nyheitsformata. Du blir ein del av ein redaksjon som er spydspiss på nyheitsgolvet i å tenke visuelt. 

Kontaktpersonar: Maria Knoph Vigsnæs, tlf. 907 71 159 eller 

Lars Hægeland, tlf. 412 70 130

Ung-redaksjonen set dagsorden med saker som unge er opptekne av, og får fram dei unge perspektiva. Vi publiserer daglege nyheiter på Snapchat, samt NRK Forklarer-videoar og visuelle artiklar på nrk.no. Vi er på jakt etter journalistar som kjenner den unge målgruppa godt, og som klarar å lage engasjerande journalistikk om og for eit ungt publikum. 

Kontaktperson: Eirik Kroken, tlf. 92462659

Digitalreporter i nå-gruppa (nett): søker sommarvikarar som er opptekne av å vere først med siste nytt på NRK.no. Du bidreg til at vi får utvikla dei største sakene, så NRK vinn nyheitskampen – kvar dag. Du har nyheitsteft, likar å jobbe i høgt tempo, er språksikker og etisk bevisst. Du må både kunne kaste deg rundt når det smell og ha idear til vidareutvikling av nyheitssaker og til engasjerande eigensaker. Vi leverer i hovudsak tekstartiklar og kortmeldingar til nrk.no. 

Kontaktpersonar: Simon Solheim, tlf. 986 04 319 eller

 Maria Knoph Vigsnæs, tlf. 907 71 159

Meir om redaksjonane

Direktesendingar TV, nett og radio leitar etter deg som har nyheitspulsen i blodet. Du er ein rask og effektiv journalist som er trygg på videoredigering i høgt tempo, og som likar å dekke det som skjer, gjerne foran kamera. I denne jobben er du med på å lage direktesendingar til radio, TV og nett gjennom dagen. 

Kontaktpersonar: Simon S. Yset, tlf. 920 55 391 eller 

Solveig Underbakke Lien, tlf 416 92 234

Er du glad i lyd? Nyheitsmorgon og Dagsnytt treng journalistar til å lage morgonsending på radio og tv. Vi treng også programleiarar til kvelds og nattevakter. Erfaring med direktesending er ein stor fordel. 

Kontaktpersonar: Elise Hazel Asbjørnsen, tlf. 936 73 480 eller Silje Sande, tlf. 901 96 203

Dagsnytt 18 treng researcherar med god oversikt over norsk samfunnsliv. Du må ha interesse for det offentlege ordskiftet og utvikla sans for det som engasjerer. 

Kontaktperson: Solveig Tvedt, tlf. 959 78 008

Ytring søker deg som ser potensialet i ein kronikk, klarer å finne nye stemmer i samfunnsdebatten og har gode samarbeidsevner. 

Kontaktperson: Solveig Tvedt, tlf. 959 78 008

Innanriks vil ha engasjerte og nysgjerrige journalistar som er gode til å omsetje idear til saker. Du er dyktig til å formidle og har journalistisk tryggleik på metode og etikk. Du kan TV og/eller radio i tillegg til nett. Innanriks leverer saker til alle NRK sine nyheitsflater. 

Kontaktperson: Ole Eivind Henden, tlf. 901 54 101

Utanriks ser etter deg som brenn for utanriksfeltet og engasjerande nyheitsformidling. Du må ha erfaring med minst to publiseringsplattformer (TV, nett, radio). Gode samarbeidsevner er viktig i jobben, det same er brei kunnskap om internasjonale tilhøve. Du må kunne snu deg raskt og jobbe effektivt når det kokar. 

Kontaktperson: Kristian Aanensen, tlf. 905 52 311

økonomi- og politikk-redaksjonen kan du jobbe i en av landets mest erfarne og nyhetsledende redaksjoner. Vi har spisskompetanse på lyd og video, og søker deg som er ambisiøs og vil lære journalistisk metode som gir blanke nyheter. Vi søker motiverte og idérike kollegaer med noe journalistisk erfaring, men viktigst er brennende faglig interesse for økonomi eller politikk. 

Kontaktperson: Kyrre Nakkim, tlf. 916 07 122

Kultur og underhaldning søker dyktige nyheitsjournalistar som har erfaring frå radio og/eller TV og nett. Du er iderik, ein god historieforteljar og har gjennomføringskraft. Du må ha interesse for fagfeltet og evne til å finne nyheiter som eignar seg for eit breitt publikum.

Kontaktperson: Ingrid Indseth, tlf. 951 55 532

Forsida/NRK.no treng dyktige journalistar med blikk for det visuelle og godt, effektivt språk til å redigere NRK.no-forsida. Det er ei nyheitsdriven forside som er tett på dei store sakene, samstundes som vi skal spegle breidda i NRK sitt oppdrag. Vi søker deg som har redaksjonell erfaring, som har god kjennskap til presseetikk, og som er flink til å kommunisere og samarbeide. Du må like at det skjer mykje. 

Kontaktperson: Gunnar Fåne Bøthun, tlf 480 93 690

Kvalifikasjonar

  • Vere samfunnsengasjert 
  • Ha litt erfaring frå journalistisk jobbing frå før
  • God språkkompetanse (bokmål og/ eller nynorsk)

I dei fleste redaksjonane treng vi vikarar som kan nett, radio og/eller TV. Vi treng også eit mangfald av perspektiv og erfaringar.

Personlege eigenskapar

  • Kan jobbe under press og behalde fokus i møte med utfordrande situasjonar og stramme tidsskjema
  • Er fleksibel og tilpassar seg raskt når situasjonen krev det
  • Er robust og har ei optimistisk haldning til utfordringar 
  • Har gode samarbeidsevner og jobbar godt saman med andre for å nå felles mål

Vi tilbyr

  • Ein spennande sjanse til å jobbe i ein av landets største nyheitsredaksjonar
  • Eit fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø med store ambisjonar
  • Ein viktig jobb der du får bidra til NRK sitt oppdrag om å opplyse, forklare og gje verdi til det norske samfunnet
  • Ein spennande, variert og utfordrande arbeidskvardag

SØK HER

Powered by Labrador CMS