Bømlo-nytt er i stadig vekst. No søker me ein engasjert, rutinert og kreativ journalist i full stilling. Kanskje det er deg?
PublisertSist oppdatert
Denne artikkelen er over to år gammel.
Informasjon om stillingen:
Stillingstype: Fast
Arbeidssted: Bømlo
Søknadsfrist: 15. oktober
Om arbeidsgiver
Bømlo-nytt kom første gong ut 30. august 1973, og kan altså feire 50 år om kort tid. Me kjem ut på papir onsdag og laurdag, men oppdaterer nettavisa vår, www.bomlo-nytt.no kontinuerleg. Godkjent opplag i 2020 var 3.555, og over 7000 les oss dagleg på nett og papir.
I Bømlo-nytt er det 7,8 årsverk og åtte tilsette. Fem i redaksjonen, to på marknad og ein på grafisk.
Mediekonsernet Polaris er hovudaksjoner, noko som gjer at Bømlo nytt har svært gode ressursar tilgjengelege – utover eigen stab. Bømlo-nytt er den leiande mediebedrifta i Bømlo kommune, og skal også vere den føretrekte informasjonskanalen inn i framtida. Bømlo-nytt har hatt ei særs positiv utvikling dei siste åra, med stor auke både av lesarar og annonsørar på våre plattformer. Me satsar for fullt digitalt og ønsker ein journalist som veit korleis saker blir godt lese på nettet.
Ønskelege kvalifikasjonar:
Relevant utdanning innan journalistikk, kommunikasjon, eller liknande
Forståing for medieutvikling og digitalisering
Redaksjonell erfaring
Emne til å levere nyhende raskt, og samtidig levere større saker • Sjølvstendig og kreativ
Trigga av trafikk på eigne saker og heiar fram andre for å nå felles mål
Hos oss får du:
Jobbe i eit positivt og dynamisk arbeidsmiljø
Spennande arbeidsdagar med stor fridom
Gode kollegaer
Tilgang på gode analyseverktøy som legg til rette for vekst og utvikling
Konkurransedyktige lønstilhøve og gode pensjons- og forsikringsordningar.
Du må rekne med turnus med kvelds- og helgejobbing, og det er ein føresetnad at du har førarkort og disponerer eigen bil. Målforma i avisa er nynorsk.